meiningar

Leiar i SV, Audun Lysbakken og Kristina Våge Ballard frå Sveio SV då førstnemnde var på besøk i Sveio i september 2021.
Leiar i SV, Audun Lysbakken og Kristina Våge Ballard frå Sveio SV då førstnemnde var på besøk i Sveio i september 2021.

Det er no det gjeld!

Stem for klima og rettferd – stem SV.

I heile Hordaland er det ein kraftig protest mot aukande forskjellar og dårleg klimapolitikk. Dette valet står mellom framleis Høgre-styre og ei ny regjering med ny retning, for både miljø og rettferd. Ei sentrumsregjering med Sp og Ap aleine vil ikkje levera den forandringa som trengst.

Venstresida styrkjer seg over heile landet, noko som viser at folk vil ha nye raude og grøne løysningar. Samstundes ser me at vegen til ei raudgrøn regjering går gjennom eit sterkt SV. Berre nokre hundre stemmer manglar for at SV og Hordaland kan få fagforeiningsleiar Sara Bell inn på Stortinget. Det kan være forskjellen på framleis høyrepolitikk for dei få eller ein solidarisk politikk for dei mange.

SV er det beste valet for alle som vil kutta utslepp OG gjera noko med Forskjells-Noreg. 
Me har ikkje ei einaste stemme å tapa i kampen for klima og rettferd – stem SV.

Eli Neeraas Vihovde, 
Leiar Sveio SV

Kristina Våge Ballard, 
Kommunestyrerepresentant Sveio SV

Powered by Labrador CMS