meiningar
«Det er kanskje tid for å vera litt audmjuk med makta si nå»
Bygdalister har eksistert i Sveio i alle år, og blussar ekstra opp i periodane det er snakk om skulestruktur eller store investeringer i sentrum. I inneverende periode er bygdene ganske tydelig infiltrerte i dei ulike politiske partia, med eit og anna heiderleg unntak.
Så har du jo nokon som hoppar litt rundt i politisk blinde, fram til dei har fått snakka ut med vener og slekt frå eiga bygd. Verda er jo ikkje større enn at ein drøftar dei viktigaste sakene med folk på butikken, blant kameratgjengen og velforeininga i bygda. Så ler ein litt av tåpeligheten og håpløsheten i andre bygder. Slik byggjer me kvarandre sterke i bygdene, me er flinke sånn alle sammen. Klapp på skuldra og ekstra likes på Facebook.
Sveio er ei lita bygd, og me er avhengig av å ta godt vare på kvarandre. Det finst ikkje utjevningsmandat eller liknande politiske verktøy som ivaretar innflytelsen for enkelte bygder i utkanten av sentrumsbygda. Når me apekattar i Førde, Sveio og Vikse har fått utdelt nok bananar, så er makta i ubalanse.
Kanskje ein skal vera litt meir raus og lyttande til det engasjerte mindretalet ein ser i Valestrand og Auklandshamn?
Sakte, men sikkert vil derfor noko døy medan me et bananar og er smilande fornøyde. Makta i Sveio er blitt sentralisert mot sentrum og sørover, då det i hovudsak er her folk buset seg. Når styringspartia i tillegg veit at dei vann makta på ein til dels omdiskutert måte i 2019, så meiner eg det kanskje er tid for å vera litt audmjuk med makta si nå.
Det er vår plikt som bur her sør å evna å heva blikket litt høgare og lengre enn Monte Rosa Grill i Sveio sentrum. Kanskje ein skal vera litt meir raus og lyttande til det engasjerte mindretalet ein ser i Valestrand og Auklandshamn?
Det er stor statsmannskunst å snu i tide og lytta til eit mindretall. Det er ikkje stor statsmannskunst å trumfe makta si gjennom med eit omdiskutert fleirtal. Eg trur dei dyktige og visjonære folkevalde me har i blant annet Arbeiderpartiet, hadde tjent på å prøve å samla innbyggjarane i kommunen og ikkje splitta dei.
Innerst inne veit me jo korleis det er å kjenne på avmakt. Det er jo derfor me her i sør vil melda oss ut av Vestland og inn i Rogaland fylke. Me grine fordi me får for liten innflytelse på val som blir gjort i Bergen. Så ler me litt når Valestrand vil melde seg ut av Sveio og inn i Stord kommune.
Me er dessverre ikkje større enn dei to ungane i sandkassen som sitter og kaster småstein på kvarandre, medan snåtten renn frå naso. Den eine ungen har trampa på eit skulebygg av sand, medan den andre sitter med rumpa i ein sølepytt som visstnok skulle bli eit flott basseng. Begge ser litt lei seg ut.
Asbjørn Valen
Rophus