Gjennom blytunge år med sentralisering og ei mengde reformar frå regjeringshald, har bygde-Noreg fått nok! Senterpartiet er den tydelege røysta for distrikta og bygdesamfunna i heile Noreg! Me treng ein tydeleg kursendring, som sikrar eit sterkt Senterparti i komande stortingsperiode.
Nær folk er slagordet vårt. Tenester nær folk. Eit samfunn som ser alle. Eit samfunn som er der for alle. Det er dette årets valkamp må handle om. Senterpartiet har gjennom tøff kamp dei siste 8 åra, synleggjort og tala distrikts-Noreg si sak gjennom ei rekke saker der me vil:
- Auka vegbudsjetta og sikre framkomelege fylkesvegar og ferjeruter som binder oss saman.
- e vil styrkje lokalsjukehusa, og akuttmedisinsk beredskap.
- Styrkje pendlarfrådraget, som gjer at reknestykket og belastninga ved å bu eit stykke frå jobb går opp.
- Styrkje kommuneøkonomien for at kommunar kan utvikle og ikkje avvikle skular, barnehagar og helsetenester.
- Endre retningslinjer slik at Statsforvaltar ikkje kan stogge bustadbygging i bygdene.
- Ha høghastigheit-breiband i heile landet.
Dette er berre nokre av våre saker i kampen for eit samfunn som er nær folk, i heile landet. Senterpartiet treng di røyst i årets valkamp, for å stogge den storstilte sentraliseringa som har pågått så altfor lenge.
Hans Inge Myrvold
3. kandidat Hordaland Senterparti