meiningar

Ordførar i Sveio, Linn Therese Erve.
Ordførar i Sveio, Linn Therese Erve.

Budsjett og økonomiplan til det beste for Sveio

Måndag denne veka vedtok kommunestyret budsjett for 2021 og økonomiplan for 2021-2024. Eg meiner budsjettet som er vedteke er bra for Sveio og deg som innbyggar.

Regjeringa har dei siste åra gitt mindre og mindre i rammeoverføringar til kommunane. Dette slår negativt ut i heile kommune-Noreg, og i Sveio. Dette er ein av grunnane til at me har strame driftsrammer i vårt kommunebudsjett i år. Me må rigge drifta vår slik at me i eit kort- og langsiktig perspektiv aukar handlingsrommet vårt, og at me sikrar gode tenester til deg som bur i Sveio.

Det viktigaste for oss er å ta vare på deg som innbyggar, ved å yte gode kommunale tenester. Det skal vere godt å bu i Sveio. Sveio er, og skal vere, ein god stad  bu og leve, her skal vi ha vilje til vekst.

Me vil ha fleire innbyggarar. Derfor er det viktig å gjere dei riktige grepa no slik at Sveio fortset å vere attraktiv, både som bukommune og for å legge til rette for etablering av næringsverksemd. No snart startar ein arbeidet med marknadsføring av Sveio som bukommune, og for å få auka næringsverksemd. Dette blir eit viktig arbeid framover, og er eit resultat av budsjettvedtak i fjor.

Kommunen held på med planlegging av viktige investeringsprosjekt, som til dømes badeanlegg og idrettshall, ny brannstasjon og aktivitetshus. Det er viktig at me har god framdrift i desse prosjekta.

I investeringsbudsjettet er det satt av midlar til planlegging av ny kommunal barnehage i Sveio sentrum, med sikte på byggestart i 2022. Dette er naudsynt fordi barnehagen er slitt og for liten.

Me vil ha fokus på heiltidskultur i Sveio kommune, og ønsker at rådmannen skal vurdere å overføre erfaringar til andre områder i kommunen frå prosjektet «Auka grunnbemanning» på omsorgssenteret. Dette vil kunne bidra til å få redusert ufrivillig deltid, redusere sjukefråvær og vikarbruk og auka trivselen.

Budsjettvedtaket er tydeleg på at lærarnorma skal sikrast på alle skulane i Sveio kommune, og at ein skal unngå å slå saman klassar på Sveio skule.

Me ser at prognosane tilseier at me får fleire eldre i åra som kjem, og det har derfor vore viktig å styrka pleie og omsorg for neste år.

Eg vil kort nemne andre saker i budsjettet. Me har fokus på folkehelse, der me ønsker å sjå på moglegheit for lysløype til Ryvarden. Me vil ha ei framtidsretta vegutløysing for Solheimslio og Lauvneset i Førde. Me lyttar til signal frå ungdomsrådet, og vil sjå på utfordringar knytt til psykisk helse i skulen, og kva tiltak me kan sette inn her. Me vil ha fullt trykk på breibandsutbygging. Me har styrka ramma til lag og organisasjonar med ytterlegare kr 100.000. Me fortset å styrka arbeidet med trafikksikring. Me vil sikre ei berekraftig framtidig drift av Fartein Valen-arbeidet. Resterande midlar frå havbruksfondet, som ikkje alt er tatt inn i drift 2021, skal setjast på fond til idrettshall.

Samla sett meiner eg vedteke budsjettet for 2021 og økonomiplanen gir eit godt grunnlag for å gi gode tenester til deg som innbyggar i Sveio, og for Sveio i framtida. Dette vil bygge Sveio vidare som ein god stad å bu og leve, og gjera kommunen enda meir attraktiv som bukommune.

Din ordførar,
Linn Therese Erve

Powered by Labrador CMS