meiningar
Arbeidarpartiet vil skape jobbar og kutte utslepp
Det neste tiåret skal utslipp kuttast, nye jobbar skapast og forskjellar jamnast ut – samstundes. Det kan ikkje overlatast til marknaden åleine eller kvar enkelt privatperson. Det klarer me berre saman og Arbeiderpartiet vil bruke ein aktiv næringspolitikk som skapar jobbar og kuttar utslepp. Og då vert Vestland og ikkje minst Sunnhordland viktig for at me lukkast.
Arbeidarpartiet vil auke norsk eksport utanom olje og gass med 50 prosent innan 2030. Dette vil me nå, mellom anna med bransjevise avtalar mellom næringsliv, fagrørsle og myndigheiter som forpliktar til å satse der eksportpotensialet er størst.
Gjennom ein aktiv næringspolitikk vil me trygge eksisterande arbeidsplassar i industri, fiskeri, landbruk, transport, tenesteyting, bygg og anlegg. Samstundes skal vi skape fleire tusen av nye gode og berekraftige jobbar, som står på skuldrene til dagens næringar. Difor satsar me på hydrogen, karbonfangst- og lagring, havvind, grøn skipsfart og sirkulærøkonomi.
Arbeiderpartiet har lagt fram ein plan for grøn industri og nye arbeidsplassar i Vestland. Her satsar me stort på dei områda me har best føresetnadar for å lukkast. Den reine vasskrafta har gitt oss moglegheit til å byggje kraftforedlande industri i Vestland. Det vil me bygge vidare på og leggje fram ein samla plan for utbygging av fornybar kraft og infrastruktur, mellom anna for å sikre tilstrekkeleg fornybar kraft til ny og eksisterande industri på fastlandet. Me vil bruke verkemiddelapparatet endå meir aktivt for å styrke dei klimavenlege løysingane som verksemder i Sunnhordland utviklar på fleire viktige område.
Leverandørindustrien har over fleire tiår bygd opp industriell kompetanse på installasjonar på sokkelen. Denne kompetansen gjer Vestland konkurransefortrinn i utvikling av havvindteknologi. Arbeiderpartiet vil aktivt bruke reguleringar, norsk kompetanse, og kapital til å fremje utvikling av ei norsk verdikjede for havvind.
Den maritime næringa har ein sterk posisjon i Vestland. Dei siste åra har store deler av den maritime næringa vore påverka av oljeprisfall og overkapasitet, og tal på arbeidsplassar har gått ned. Arbeidarpartiet ønskjer ein aktiv politikk for den maritime næringa som legg til rette for nye arbeidsplassar, særleg innan utvikling og bruk av lav- og utsleppsfri teknologi.
Noreg har ikkje råd ein passiv næringspolitikk. For å sikre ei rettferdig klimaomstilling må me ha ein aktiv næringspolitikk som skapar jobbar og kuttar utslepp.
Odd Harald Hovland
Stortingskandidat, Arbeiderpartiet