meiningar

Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto

Å Vestland, Vestland…

Songen «Å Vestland, Vestland når eg ser deg slik/ Med fagre fjell og fjord og tronge vik…» er ein hyllest til Vestlandet. Sissel Kyrkjebø gjorde den legendarisk med si klokkeklåre røyst. No assosierer eg songen med Vestland fylke og den prosessen Sveio er inne i med å bestemma fylkestilhøyrsle anten til Rogaland eller Vestland. Eg har budd det meste av mitt liv i Rogaland, men det er ikkje god nok grunn for meg som sveibu å ønskja meg dit.

Det er nokre som meiner at me bør til Rogaland fordi me høyrer til Haugalandsregionen. I Rogaland er det Stavangerregionen som rår. Sørfylket med Stavanger har stort sett i alle samanhengar kjempa mot nordfylket og Haugesundsregionen. Boknafjorden er framleis djup. Stavanger vil ha meir påverknad også etter at olja blir fasa ut. Det er ein grunn til at Rogaland ikkje gjekk inn i Vestland fylke. Stavanger veit at dei aldri ville nådd opp som fylkessenter i eit storfylke med Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.

Eg kjenner ein større tilknyting til Bergen enn til Stavanger. Bergen var min studiestad og her har mine døtrer studert. Eg har køyrt mange flyttelass til tronge hyblar i smale smau i Bergen. Universitetet i Bergen feira i år 75 år. Stavanger har kort historie som universitetsby. Når det gjeld helse så er Haukeland regionsjukehus sjølv om Stavanger knivar om å få hjartekirurgi og legeutdanning. Også når det gjeld kultur er Bergen stor. Der har ein Edvard Grieg og Jan Eggum. Joda, Stavanger har Aleksander Kielland og Morten Abel.

Det er nokre som gjer eit poeng av at det er unaturleg at fylkesgrensa går midt i den smale Ålfjorden. Kva tid er det eit problem? Verken torsk eller krabbe bryr seg om dei er i Rogaland eller Vestland. Eg tar heller ikkje omsyn til fylkesgrensa når eg fer ut med båten for å fiska. Eg er berre litt irritert over at solsida i Ålfjorden ligg i Rogaland.

Eg vil at Sveio skal ha ei sterkare rolle i Sunnhordlandregionen. Kommunane har mykje å læra av kvarandre. Sveio treng å styrka næringsinteressene. På Bømlo har ein eit sterkt næringsliv. Bømlo Næringsråd tel 231 medlemsbedrifter og utgjer ein sterk interesseorganisasjon og støttespelar i næringsutviklingsprosjekt.
Landbruk er ei viktig næring i Sveio. Landbruket består stort sett av mindre bruk. Slik er det også i Vestland. Landbruket på Jæren i Rogaland er blant dei største bruka i landet. Når det gjeld investeringar vil Sveio-landbruket aldri kunne konkurrera med industrilandbruket på Jæren. «Small is beautiful».

Saka om fylkestilhøyrsla må få Sveio til å vakna og jobba aktivt i lag med kommunane Etne, Bømlo, Stord, Fitjar og Kvinnherad for ein sterkare posisjon i Vestland fylke. Ei fylkesrøysting handlar ikkje om å velja Rogaland eller ha det som det er i Vestland. Blir me verande i Vestland skal me kvar dag jobba hardare for å styrka Sveio sin posisjon i fylket. Då skal fleire av oss stemma i med reine tonar i «Å Vestland, Vestland når eg ser deg slik/ Med fagre fjell og fjord og tronge vik.»

Sveio, 27.12.21

Arne Valen
Kommunestyrerepresentant Sp

Powered by Labrador CMS