Ordføraren vektla eit ønskje i formannskapet å få til eit mest mogleg samrøystes budsjett. Som ein veit så vart ikkje det tilfelle. Partia i posisjonen inviterte ikkje partia i opposisjonen til å få til eit samrøysta budsjett. Senterpartiet er samd i at mange av punkta i budsjettet til posisjonen er gode, og vi trur også at de synest det var mange gode punkt i vårt felles budsjett frå partia i opposisjonen. Så det er synd at vi ikkje høyrde noko frå dykk.
Budsjettet igjen speglar Frp sin politikk der Ap støttar dei fullt ut. I partiprogrammet til Arbeiderpartiet så står det blant anna at de skal støtta opp om vaksenopplæringssenteret og mottaksklassar i Førde, dette stemte de i mot, og vaksenopplæringssenteret som dreiv med overskot vil bli avvikla. Sveio kommune vil ikkje levera denne tenesta.
Ap, Frp og dei uavhengige køyrte gjennom budsjettet med knappast fleirtal – med ei røyst.
• Er dette eit godt budsjett for Sveio kommune?
• Er dette vilje til vekst?
• Det blir utfordrande for Sveio kommune og administrasjonen, som skal gjennomføra ulike pålagde prosjekt, når følgjene blir:
• Reduksjon av stillingar og andre innsparingar. Er dette rette vegen å gå?
• Vanskar med investeringar, pga. innsparing av stillingar mm., ein må ha arbeidsfolk til å gjera jobben.
• Det er ikkje handlingsrom pga. budsjettet er skore heilt ned til beinet.
• Handlingsrom vantar, Sveio kommune er komen inn i gapet på ei klypetang, denne vil strama meir og meir til det ikkje er meir å strama til.
• Ein nærmar seg nok eit punkt der me ikkje vil vera velfungerande som kommune. Det vil ikkje vera pengar til påkrevjande kapitalinvesteringar.
• Eigedomsskatt kan me seia mykje om, denne skatten burde vera viktig for Sveio kommune. Me er ein låginntektskommune som får mindre overføringar frå Staten enn andre kommunar. Då burde ein sett på e-skatten med andre augo. I sentrumsområda er det meste bygd ut av ymse infrastruktur, det same kan ein ikkje seia i andre deler av kommunen. Eigedomsskatt burde vera ei viktig inntekt for kommunen vår.
– Denne kunne gått til utbetring/bygging av nye gangvegar, gatelys og anna infrastruktur som å byggja ut offentleg vatn rundt om i kommunen.
– Planlagde investeringar vil måtta setjast på vent. Det ligg store ambisjonar om nytt svømmebasseng, idrettshall mm. Dette er store kostnader, om dei blir realiserte vil me likevel ikkje ha pengar til drift av desse.
Me har uttrykket som er velkjent hjå mange; Å spara seg til fant, det held vår kommune å gjera, pga. vedteke budsjett, utfasing av eigedomsskatt mm. Kvifor Sveio Arbeidarparti køyrer denne kursen er oss heilt uforståeleg, men det er vel slik at trua på Soria Moria er sterk i posisjonen.
Dagfinn Bjørge, Ole Velde, Monica V. Valen, Arne Valen og Andreas Sirevåg
Kommunestyrerepresentantar Sveio Senterparti