I høve halloween inviterte FAU ved Auklandshamn skule til venleg markering i form av hallovenn om kvelden torsdag 28. oktober. Alle ungane på skulen var invitert, og 33 av dei møtte opp.
– Det var ein kjekk kveld med hoppande glade barn i ulik utkledning. Me hadde ulike aktivitetar, som mysterieboks, kasta på blink og laga mumie med dopapir, opplyser Henriette Bjelland, FAU-representant for 5. klasse.
Auklandshamn idrettslag sponsa festen med snacks og pizza frå Monte Rosa.