lesarbidrag

Like før 17. mai møtte 6. og 7. klasse ved Auklandshamn skule ordførar Linn Therese Erve på Nipaståvo med flagg, song og god 17.mai-stemning. Dei var inviterte av TV Haugaland, som laga 17. mai-sendingar fra heile Haugalandet.

Velkommen til årets nipamarsj til Emberlandsnipen i pinsehelga

Nipaståvo er snart open, og me ser at mange har dette til turmål allereie. Auklandshamn idrettslag håpar på flott turvêr og ny deltakerrekord i år når turen går rett forbi Nipaståvo, den nye flotte dagsturhytta – ein flott plass for rast på veg opp til Emberlandsnipen.
Nipamarsjen går av stabelen 2. pinsedag kvart år. Det blir open kiosk og registrering ved Auklandshamn skule mellom klokka 9 og 12 måndag 24. mai, opplyser Auklandshamn idrettslag, som viser til arrangement på Facebook for meir informasjon.
Grunna smittevern er det mogleg å registrera seg og gå når ein ønskjer frå fredag til og med måndag.
Nancy Bøhn Helgesen

Powered by Labrador CMS