lesarbidrag

Tur langs Åkrafjorden

Tysdag 19. august var Pensjonistforbundet Sveio på busstur til Åkrafjorden innerst i Etne kommune med påfølgjande flott båttur på ein nesten speilblank fjord.

Lesarbidrag

Har du eller din organisasjon arrangert noko, og ønsker omtale i Vestavind? Send tekst og bilde til tips@vestavind-sveio.no

Hugs fullt namn på personar på bilde og namn på både forfattar og fotograf.

Første stopp var Åkrafjordtunet, der me fekk servert nysteikte vafler og god kaffe, og mulighet for å handla Lundals spekemat, lokal geitost og andre lokale produkter i butikken.

Etter ein god pause med god drøs kjørte me til botnen av fjorden, Fjæra, der me gjekk om bord i ein flott sightseeing båt. Formiddagen var overskya men med god temperatur, men nå kom sola for fult og godt over 20 grader. Vart ein kjempeflott tur på ca. 1,5 time. Med utmerka guiding av John Karsten Hustveit som fortalde levande om gamal busetnad langs fjorden og andre ting.

Sightseeingbåten «Langfoss».

Så bar det rett til Eljarvik Gard for lunsj. Og her fekk me varmrett og eit bord som bugna av lokal mat som smaka fortreffeleg. Dagens vertinne, Nina Kaltwasser fortalte historier om garden tett ved fjorden som hadde same familie buande på garden sidan 1600-talet og 12 generasjonar.

Freistingane låg klare på bordet då turgjengen kom til Eljarvik gard.

Etter ei god matøkt med livleg drøs rundt borda var tida inne for å snu heimover. Med ein solid sjåfør, Magnus Haga og buss frå Sverre Haga AS vart det ein behageleg tur heile dagen. 40 glade pensjonistar gav uttrykk for at det var ein flott tur, som kan anbefalas på det beste.

Einar T. Halleland
Leiar i Pensjonistforbundet Sveio

Powered by Labrador CMS