lesarbidrag
Sveio O-lag sine tur-postar no også i Tysvær
Førstkomande helg opnar årets tur-o-sesong. 100 postar er gjort klare for besøk og registrering. Tilbodet dekker heile Sveio kommune og strekkjer seg i år også inn i delar av nabokommunen Tysvær.
På begge sider av fylkes- og kommunegrensa i sør er det lagt ut 15 postar i et småkupert, ope og stirikt terreng, som skrånar ned mot det idylliske friområdet inst i Ålfjorden.
«Usynlege» postar
Lengst nord i kommunen, mellom Tittelsnes og Bjørgjo, kan du gå langs vakre skogsvegar og svingete stiar som brått løftar deg mot fantastiske utsiktspunkter der store deler av Sunnhordland kan nytast frå høgda.
Populære og flotte utsiktspunkt som Landsåt, Emberlandsnipen og Åsbufjellet, som er inkludert i årets turorienteringstilbud.
Fjorårets forsøk med «usynlege» postar vart ein stor suksess, og dette held fram i år. Eit heilt nytt kart over terrenget ved Auklandshamn er tatt i bruk, med innteikna 10 usynlege postar, som kan registrerast ved hjelp av mobilapp.
Barn og familiar
Den lokale og verdskjente komponisten Fartein Valen skreiv musikkstykket «Kirkegården ved havet». Denne ligg vakkert til ved Leirvåg nær Valevåg. I år kan staden besøkjast som ein del av Sveio O-lags tilbod, Nærtrim/Barnas Tur-o.
Også friområdet Slettene ved Auklandshamn er inkludert i tilbodet. Dette er eit perfekt turmål for barnefamilier som vil kombinera orientering med bading og gransking av livet i fjøra.
Thomas Førde