Lørdag 5. april inviterer Sveio O-lag til stort o-løp frå Kysttunet i Auklandshamn med høve til å starta frå kl. 12.00. I løpet av vinteren har Sveio O-lag fått synfart det aktuelle løpsterrenget på ny, slik at deltakarane får prøva seg med eit nytt kart i hand. Det blir tilbod om løyper for o-løparar i alle aldrar og på ulike ferdigheitsnivå. Løypetilbodet varierer frå dei enklaste og kortaste for nybyrjarar og dei aller yngste, opp til dei meir avanserte o-løypene for erfarne løparar.
– Me håpar på godver, folkefest og opnar kiosk med sal av pølser i brød, nysteikte vaflar, saft og kaffi, seier Thomas Førde, leiar i Sveio O-lag. Han legg til at under tilsvarande tevling i fjor deltok meir enn 200 o-løparar. Håpet er minst like mange i år.
Førde understrekar at alle som ønskjer å prøva seg i o-sporten er velkomne til å delta. Påmelding kan skje frå kl. 11.00 ved samlingsplassen på Kysttunet.
Thomas Førde
Leiar Sveio Orienteringslag