lesarbidrag
Stor givarglede til Ukraina
Innsamlingsaksjonen SOS Ukraina i Sveio sist helg viste stor givarglede og engasjement for det krigsherja ukrainske folket. Nokre av givarane kom også frå andre kommunar, som Tysvær og Bømlo. I alt kom det inn rundt 600 sekker og esker med klede. Gjennom lotteriet og åresalet på basaren i Pinsekyrkja Filadelfia Auklandshamn søndag kom det inn rundt 170.000 kroner.
Hjelpa til Ukraina blir formidla gjennom organisasjonen Open Heart, leia av haugesundaren Halvard Hasseløy. Organisasjonen har 30 års erfaring med hjelpearbeid i Ukraina og eit stort nettverk som formidlar mat, klede og anna naudhjelp heilt fram til dei mest krigsutsette områda. Både dei lokale arrangørane og Halvard Hasseløy er svært takksame for den gode responsen i Sveio.
Einar Vestvik
På vegner av Pinsekyrkja Filadelfia Auklandshamn