lesarbidrag

Willy Ludvigsen er dagleg leiar i MAF Norge.
Willy Ludvigsen er dagleg leiar i MAF Norge.

Startar hausten med spennande foredrag

Måndag 16. september startar Sveio Senioruniversitet opp haustprogrammet sitt med ein spennande foredragshaldar, Willy Ludvigsen frå MAF /Norge.

Willy Ludvigsen er dagleg leiar i MAF Norge (Mission Aviation Fellowship) som opererer 120 små fly i 25 land. Målet er å hjelpa dei fattigaste menneska i dei mest isolerte områda  i verda. I junglar og ørkenar, på åsryggar og bortgøymde dalar finns det små flystriper som MAF betjener som stort sett den einaste livlinja for befolkninga.

Willy Ludvigsen har vakse opp i Kongos jungel med ein far som var misjonspilot. Han forsvann i 1974 og vart funnen i 2003.

Foredraget «Med lukt av jungel og olje» inneheld spennande historiar frå ei annan verd enn vi til vanleg lever i.

Helge Matre

Powered by Labrador CMS