Tradisjonen tro arrangerte Valestrand Bygdelag også St. Hans på Kaien i Valevåg i år. Sjølv om det var kald vind, var det mange som kom for å steike pølsa og grillribba si med naboen eller andre grendafolk. Elles var det og mange nye fjes, som sikkert hadde teke turen frå hytta si eller frå nabokommunen. Det var sett ut grillar til fri bruk for dei som var sultne, og leiaren i Bygdelaget var raus med sin grillmat, og ingen gjekk sultne frå kaien.
Det var Bygdelaget med styret som hadde laga til kvelden. Fyrmeistrane Erling og Harry hadde stabla pallar og anna brennbart rask, og fekk flott fyr på bålet. Etterkvart vermde det godt, og folk trakk nærmare for å få sin del av kosen.
Petra hadde teke bursdagen sin med til kaien og alle ungane som feira henne. Alle fekk utdelt kritt dei kunne teikna på kaien og asfalten med. Erling delte ut ispinnar til alle små og store barn. Elles var det full fart både på leikeplassen og på sjøen. Nokre ungdommar i «gå for båtar» fekk og med bålet og feiringa.
Då bålet var brend ned, gjekk alle heim mette og til si eigen varme stova.
Bror Eivind Eriksen