lesarbidrag
Seniorar på Espevær-tur
Måndag 6. september starta Sveio Senioruniversitet opp igjen aktiviteten etter pandemi-pause. Tur til Espevær hadde lenge stått på ønskelista. Denne dagen blei den gjennomført.
33 sveibuar ønskte å vera med denne haustdagen. Sola ville ikkje visa seg, men det var vindstille og opphaldsver med god temperatur. Via privatbilar, ferje Buavåg-Langevåg og Espeværekspressen var me framme på Espevær litt før 11.30.
Den første timen valde me ulike aktivitetar. Nokre tok turen til Hummarparken, nokre gjekk til UFO-ringen. Dei fleste rusla bare rundt og nytte synet av velhaldne hus og fine hagar. Espevær er eit utruleg velstelt samfunn. For tida bur det omlag 85 menneske der. Lenge var det skule her ute, den er nå nedlagd. Men her er butikk, her er oppdrettsanlegg, hummarpark, keramikkverkstad for å nemna noko. Og så er her restaurant – i Gamleposten. Gamleposten som blei driven mellom 1919 og 1981 då øya fekk eit anna postopneri. Nå er det også historie, for nå er det post i butikk som gjeld.
Gamleposten var hovudmålet for Sveio-seniorane. Me hadde avtale med den eine eigaren, Torstein Hatlevik om middag og litt historikk i hans lokale. Han eig Gamleposten saman med to søstre.
Og då me samlast i dei gamle postlokalene, gav Torstein oss eit historisk overblikk over dei siste 200 åra av Espevær si historie. Silda var viktig den første tida, og folketalet kunne til tider vera ganske høgt her ute. Tørre fakta blei krydra med morsomme historier og detaljer.
Og inne i selskapslokala fekk me servert eit nydeleg måltid. Heimelaga brød og smør, indrefilet av svin med poteter og grønsaker smakte fantastisk. Desserten var også førsteklasses, sjokolademousse med bringebær og kvit sjokolade. Og maten fekk me servert av Sveio-jenta Brita Bergmål!
Før me måtte hasta ned til båten igjen, framførte Torstein to songar for oss! Det blei fine timar på øya i havgapet, og kjekt at me kan samlast igjen!
Senioruniversitet har to arrangement til i haust – i oktober får me besøk av advokatfirmaet Responsa. Dei vil snakka om arv. Og i november kjem Magnus Skåden og foredrar om Titolvs saga. Men dette blir annonsert!
Astrid Hovda
senioruniversitetet