lesarbidrag
Runda av 44 år i fjørekanten
Frå hausten blir Sveio ein barnehage fattigare, og mange går ein ny kvardag i møte.
– Sjå, det er ein kreps inni der! Eitt av barna frå Bråtveit natur og kulturbarnehage har funne eit sniglehus med ein spennande bebuar inni. Den vesle krepsen blir lagt i fangstbøtta saman med andre små sjødyr, og jakta med håv fortset i strandkanten på Fjon.
Sommarfest med vri
Denne varme juni-ettermiddagen er tilsette, barn, foreldre og søsken med tilhøyrigheit til Bråtveit barnehage samla til det som er den aller siste sommarfesten – og den endelege avslutninga for barnehagen.
Sjølv om omstenda er som dei er, var det ikkje ønskjeleg å ha ei avslutning med ei lang gjesteliste og mange talar. Det blei ei feiring her og nå – ein tradisjonell sommarfest med ein liten vri. I tråd med barnehagen sine verdiar var det ekstra fint å ha det i naturen, ein annleis arena enn skogen og vatnet som er den vanlege kvardagen for Bråtveit-ungane.
Vassa og bada
Barn og vaksne i barnehagen hadde laga pastasalat til alle gjestene, og nokre av foreldra hadde med kaker til dessert. Barnegruppa TeARTig Teatertroll framførte eit lite teaterstykke til stor applaus frå dei frammøtte. Ellers var det fritt fram for aktivitetar i fjøra. Mange av barna fekk duppa både tær og meir til – det fekk ein pappa plutseleg også då kajakken velta, men det gjekk godt det også.
Tradisjonen tru blei det gjort ekstra stas på førskuleungane, som fekk utdelt kvar sin personlege perm fullstappa med minne frå tida i barnehagen. Dei fekk også matboksen sin med bilde på til odel og eige, og tursekk med sitjeunderlag som har vore i flittig bruk i barnehagen.
Overraskingar
Dei tilsette hadde også ei overrasking til dei andre ungane, for alle fekk tilsvarande gåver som skulestartarane. Dei som har kikka i permane, kan sjå at det er lagt ned utruleg mykje arbeid av dei tilsette for å få dette i havn.
Sjølv om dei yngste hovudpersonane nok ikkje skjøna så mykje av settinga, synest mange av foreldra og folk i krinsen at det er trist at det framover ikkje vil bli meir barnehage på Bråtveit. Blant dei som har ungar der nå er den jamne tonen at den har vore solid og fin, med tilsette som har møtt ungane våre med akkurat det dei treng.
Har stått på
Nyheita om at siste kapittel for barnehagen på Bråtveit var skrive kom i februar i år, overraskande på dei fleste. I desse uvanlege månadane, har det som mange omtalar som verdas beste barnehage, klart å oppretthalda tilbod og tryggleik for både ungar, foreldre og dei tilsette.
Det gjekk ei stund før ungane fekk vita om det. I denne litt vanskelege tida har det ikkje vore snakk om at ungane har gitt uttrykk for at dei er prega av skiftet som skal skje – tvert i mot er det dei som har sagt at dei gler seg til å begynna i ein ny barnehage. Det gjer litt vondt, men det er også godt og betryggande. Jammen har dei stått på til siste slutt i Bråtveit barnehage.
Ungane har fått plass i ulike barnehagar, dei aller fleste startar i Sveio barnehage, resten i andre barnehagar i kommunen. Personalet på sju tilsette møter òg ei spanande framtid, fleire har fått nye jobbar frå hausten.
Mellom anna vil skule, barnehage, helsevesenet og ein nabokommune få glede av nokre av dei.
Astrid Wallem Hagen har vore styrar i barnehagen dei siste 21 åra. Ho synest at det mildt sagt er trist å gi seg.
– Det har vore ein fantastisk arbeidsplass, og eg er stolt over kva me har fått til i desse åra. Heilt oppriktig meiner eg at det er eit heilt spesielt tilbod som forsvinn, seier Wallem Hagen.
– Me er ikkje aleine om å kasta inn handkledet. Rundt om i landet er det mange gode barnehagar som legg ned med bakgrunn i tilskotsordningane for private barnehagar. Det er frykteleg synd. Det er unødvendig at mangfaldet i barnehagesektoren forvitrar på denne måten, seier ho.
Stilt på bedehuset
Styret for bedehuset synest det er svært vemodig å måtta leggja ned barnehagen. Bygda sitt bedehus, som har vore fylt med liv i alle desse åra blir ståande ganske tomt. Eit og anna møte og utleige til selskap vil halda fram.
– Så får me sjå kva gode idear bygdefolket har for å bruke huset, seier Urd Hjelmeseter på vegne av bedehusstyret.
14. august blir den aller siste dagen med drift i Bråtveit natur og kulturbarnehage.
Irene Flatnes Haldin