lesarbidrag
Ridestevne på Tjernagel
Laurdag 8. juni blei det igjen avvikla vårstemne for ryttarane på Tjernagel. Også denne gangen var det 6 klassar, 2 gymkhanaklassar, 3 sprangklassar og ein kjepphest klasse.
I gymkhana er det ulike oppgåver for hest og rytter. Til dømes ri med potet i skei, slalom, balanse, ri over bommar, plukke opp ting frå bakken, hente ting på hest og liknande. Rytterane var flinke, og utførte oppgåvene med strålande innsats.
For dei eldste er det også ein ekstra premie for den som er raskast. Den var det lilja Sofie Økland som feikk i år, på ponnien Donnie Darko. Cowboyen Linnea Monsen Eidesvik med hesten Offa vann premien for beste kostyme. Kjepphest klassen blei premiert med både raskast og den mest sjarmerande kjepphesten, og morosamt er det både å sjå på, og å vere med, både for små og store.
Sprangklassane var «clear round» i maks høgde 40 cm., klasse maks 60 cm. og maks 80 cm.. 80 cm-klassa er den einaste klassa me premierer etter plassering. Og den er med vilje laga noko vanskelegare. For sjølv om det alltid er meistring, og det at me har det kjekt i lag, som vil vere viktigast her på Tjernagel, så har me også mange talentfulle, erfarne og flinke ryttarar, som ynskjer å få kjenne opplevinga av konkurranse.
Alle ryttarane, og også dei foreldra som var til stades, og ikkje minst dei fantastiske hestane våre, gjorde ein flott innsats, både på hesteryggen, som medhjelparar på ridebanen, og som støtte og hjelp for kvarandre.
Tusen takk til de alle. Eg er heldig som har så kjekke, to- og firbeinte her på Tjernagel.
Helsing Hanne og resten av gjengen på Tjernagel leir og fritidssenter
Resultatlister Gøystevne:
Gymkhana 1. 4. klasse:
Selma – Vilja Eskevik Langeland, Eik – Anne Barane
Gymkhana 5. klasse og eldre:
Donnie – Ester Johanne Skullerud, Dina – Frida J. Løvland, Eik – Trym Eskevik Langeland, Thunder – Live Pettersen, Offa – Linnea Eidesvik Monsen, Ruby-Celine, Selma- Lilou Sofie Langesæther, Donnie – Darko- Lilja Sofie Økland, Eik – Frida Møllerhaug, Jack – Rebekka, Thunder – Pernille Reiersen.
Sprang 40 clear round:
Offa – Linnea Eidesvik Monsen, Thunder – Live Pettersen, Dina-Frida J. Løvland, Offa – Martine Eidesvik Monsen, Ronja – Malene Kvalgvågnes, Ruby- Lilja S. Ausland, Jack – Pernille Reiersen
Sprang 60 Clear Round:
Tjernagels Galaxy Star – Luna Nesse, Donnie Darko – Linnea Eidesvik Monsen, G-Star (Jack) – Pernille Reiersen, Eik – Martine R. Vold, Ronja – Malene Kvalvågnes, Offa – Karen Oline Strand, Tjernagels Ruby – Martine Eidesvik Monsen, G-Star (Jack) – Ida Førre Apeland, Tjernagels Galaxis Star – Lilja K. Ausland, Donnie Darko – Lilja Sofie Skogland, G-Star (Jack) – Anne Sofie Strand
Sprang 80 (70 for ponniane):
1. Tjernagels Mariella – Frida J. løvland
2. Offa – Luna Nesse
2. Donnie Darko – Lilja K. Aussland
3. Tjernagels Galaxis – Carmen Bringedal
4. Donnie Darko – Linnea Eidesvik
5. Tjernagels Ruby – Martine Monsen Eidesvik
Resten som var med i denne klassa var:
Donnie Darko – Lilja Sofie Skogland, Eik – Martine Eidesvik Monsen, Tjernagels Ruby – Live Pettersen, G-Star (Jack) – Anne Sofie Strand, Ronja – Malene Kvalgvågnes, Tjernagels Galaxis Star – Carmen Bringedal, Eik – Martine R. Vold.