lesarbidrag

Nærare 80 deltok på Syng med oss

Syng med oss-treffet på Sveio omsorgssenter 2. juni blei ein skikkeleg suksess. Det var venta at 30-40 personar med demens og deira pårørande og vener ville koma. Og så kom det nærare 80!

Det måtte berast inn fleire stolar og bord, og dei driftige damene i Einstadbøvoll og andre helselag i kommunen hadde det travelt med å dekka bord. I tillegg delte dei ut hattar til nærare 80 glade damer og herrer som storkoste med allsang leia av Elin Hetlesæter på gitar.

Inger Bente Nilsen, leiar i Einstadbøvoll helselag, leia festen, og det blei servert vaflar, kaker og kaffi. Men det var hattane som gjorde susen. For eit flott påfunn!

Powered by Labrador CMS