lesarbidrag
Moster – meir enn amfiet
Siste post på vårprogrammet til Sveio Senioruniversitet i år var tur til Moster. Kanskje flerire tenkte som meg – der har eg vore så mange gonger før…
Men programmet me fekk, fortalde at denne gongen skulle me få oppleva andre ting enn skuespel og musikal…
Og dei 24 Sveio-seniorane som let seg lokka med på tur, blei så menn ikkje skuffa! I strålande mai-ver viste Vestlandet og Moster og Sveio seg på sitt beste.
Engasjerte guidar tok oss med frå steinkyrkja frå 1100-talet, via minnesmerke om både Olav Trygvasson og Olav Haraldsson til utstillinga «Frå heidendom til kristendom». Vidare fekk me ei fin innføring om Steinriket Bømlo og til slutt utstillinga «Frå makt til rett». Så flott og så profesjonelt laga! Me var mållause over alt bømlingane har fått til i det nedlagde gruveområdet! Dette var verkeleg verdt eit besøk!
Og innimellom alle utstillingane fekk me servert ei nydeleg Viking-suppe med brød og flatbrød og ikkje minst urtesmør til. Vafler, rømme og bringebærsyltetøy og ein kopp kaffi avslutta eit godt måltid.
Astrid Hovda,
skrivar for Sveio Senioruniversitet
skrivar for Sveio Senioruniversitet