lesarbidrag

Tidlegare skulesjef Lars Eikehaugen vaks opp mellom motstandsfolk i Vikebygd, men ante ikkje kva dei dreiv med før krigen var over.
Lars Eikehaugen.

Minneord for Lars Eikehaugen

Lars Eikehaugen til minne.

Det er med stor sorg vi har motteke bodskapen om at Lars Eikehaugen har gått bort, nær 95 år gamal. Det er få menneske som har sett slike djupe spor etter seg i utviklinga av det moderne Sveio-samfunnet som han.

Lars Eikehaugen blei tilsett som skulesjef i den nye «storkommunen» Sveio i 1964. 1960-talet var ei tid for store endringar i det norske skuleverket. Den tidlegare sjuårige folkeskulen skulle erstattast med niårig grunnskule med barne- og ungdomssteg. Lars fortalde ein gong at «skulekontoret» han overtok i Sveio i 1964 var eit skrin med skrivesaker, konvoluttar, protokollar og frimerke. Det blei hans jobb å byggja opp eit moderne skulevesen i kommunen.

Lars Eikehaugen løyste oppgåva på beste vis. Han var ein entusiastisk og framsynt skuleleiar som brann for at elevane i Sveio skulle ha eit skuletilbod som gav dei både danning og utdanning, minst på line med andre kommunar. Det mest synlege resultatet av arbeidet var bygginga av to flotte og moderne barne- og ungdomsskular i Førde og Sveio som blei opna i byrjinga av 1970-talet.

Skulebygg er ein ting. Lars Eikehaugen var minst like oppteken av verksemda som går føre seg inne i skulebygga. Han var ein svært synleg skulesjef, noko som både lærarar og rektorar sette stor pris på. Han var stadig på vitjing til skulane for å høyra nytt og få impulsar både frå lærarar og rektorar. Dette gav han eit mykje betre inntrykk av skuleverket enn å sitja på kontoret og lesa rapportar, tenkte han. For alle oss som arbeidde under hans leiing, gav det og inspirasjon og tryggleik når vi såg kor oppteken han var av det levde livet i skulen.

Lars Eikehaugen var og oppteken av at dei tilsette i skulen måtte få høve til fagleg utvikling. Dette var bakgrunnen for at han saman med kollegaane sine i dei andre kommunane i Sunnhordland i 1990 tok initiativet til å oppretta Sunnhordland Kursregion, i dag Forum for oppvekst i Sunnhordland (FOS). Han såg at mange av kommunane i regionen var for små til å gje eit godt tilbod om etter- og vidareutdanning aleine. Løysinga blei eit interkommunalt samarbeid som har utvikla seg i over tretti år.

Lars Eikehaugen hadde også andre viktige oppgåver i Sveio kommune. Han var medlem av Sveio kommunestyre i fire år, og han var og ein periode konstituert rådmann i kommunen.

Etter over 30 år som øvste leiar for skuleverket i Sveio kommune blei Lars Eikehaugen pensjonist i 1995. Han slutta likevel ikkje å brenna for kunnskap og skuleutvikling. Han var alltid til stades når det blei skipa til samlingar for pensjonerte og noverande skuleleiarar. Der delte han røynslene sine frå eit langt liv som skulemann, alltid med eit smil om munnen og glimt i augo. Han var og alltid lett å ringa til om ein hadde trong for gode råd og kloke refleksjonar.

Heidersmannen og samfunnsbyggjaren Lars Eikehaugen har gått bort, men minnet om innsatsen han la ned for born og unge i Sveio gjennom eit langt liv som skulemann, vil for alltid stå att i soga om lokalsamfunnet Sveio. Idet tankane våre går til familien, lyser vi fred over Lars Eikehaugen sitt minne.

På vegner av kollegaer i Sveio kommune

Hjalmar Lokna

Petter Steen jr.

Powered by Labrador CMS