lesarbidrag
Løklegging i utepotter
Det er ikkje for seint å legga blomsterløk for å få blomsterglede til våren. Utvalget i blomsterbutikkane går ned utover hausten, men det gjer òg prisen på det som ligg igjen i løk-kassane.
Dersom blomsterbedet er fullt – eller du ikkje har blomsterbed, kan ei utepotte vera eit godt og lettvint alternativ. Bruk ei frostsikker, romsleg krukke, kjøp ein sekk med jord og blomsterløk i fargar som passar til krukka. På ei kveldsstund kan ein legga grunnlaget for eit skikkeleg blikkfang i vårhagen.
Fyll jord i potta og legg eit tett lag med blomsterløk før ein fyller jord på toppen. Store potter kan fyllast med småstein, leca-kuler eller annan masse i botn før ein legg på jord i øvste delen. Store løkar som til dømes tulipan kan få 15-20 cm med laus jord over seg.
Både små og store krukker kan brukast. Kjem det kulde er blomsterløkane er meir utsette for å frysa enn om dei blir lagt i bakken, særleg om blomsterpotta er liten. På den andre sida er små potter enkle å flytta på. Dei kan settast inn i eit kaldt kjellarrom dersom det er meldt langvarig kulde. Men i vårt milde klima går det som regel bra sjølv om ein gløymer heile prosjektet fram til våren.
Dei fleste vårblomstrande løkar er godt eigna til å setta i krukke. Krokus eller snøklokker gir tidleg blomstring. Tulipanar kan ein få i mange formar og fargar og med ulik blomstringstid. Tidlege, enkle tulipanar eignar seg veldig godt. Det går an å setta to lag med løkar; fer eksempel store tulipanløkar i eit djupt lag og tidlegblomstrande krokus like under jorda. Blanding av rette fargar kan gi ein fin 17-mai-bukett. Ei lita utepotte med blomster kan vera ein kjempefin presang.
Neste sommar kan ein spa ned dei avblomstra løkane på ein plass der dei kan få leva vidare og blomstra i åra framover. Krukka kan for eksempel bli fylt med ny jord og sommarblomster. Og neste haust kjøper ein nye pakkar med blomsterløk.
Sveio hagelag
Tekst og foto Annlaug Fludal