lesarbidrag
Jaktskyttarskule for ungdom
Sveio Jakt Fiske og Naturvernforening har starta opp Jaktskyttarskule, som er eit tilbod til ungdom i aldersgruppa 12-19 år.
Her gjev ein ungdomane ei grundig innføring i Noreg Jeger-og Fiskarforbund (NJFF) sine skytegreiner, sikker vapenhandtering, vapentypar, ammunisjon og selvfølgeleg opplæring og trening i skyting.
Hovudvekt på skytinga er skyting på elektronisk blink, jaktfelt og jegertrap.
Deltakarane vil etter fullført skule kunne delta i konkurransar innanfor NJFF sine skytegreiner. Jaktskyttearskulen er også ei god førebuing for dei som ynskjer å ta jegerprøven.
Det var 5 ungdomar som melde seg på til årets jaktskyttarskule.
Elevane støttar og hjelper kvarandre, samstundes så slår konkurranseinstinktet inn når dei står i kø for å skyta på leirduer.
Samhaldet er godt og det klappast når skyttaren treffer leirduer. Det er kjekt å instruera elevane til denne aktiviteten, spesielt når dei treffer fleire leirduer på rad.
Instruktør for årets jaktskyttarskule er Morten Skartland Kristiansen.
Jaktskyttarskulen skal haldast tre gonger til i august månad.
Vidar Høyland
Leiar Sveio Jakt Fiske og Naturvernforeining