lesarbidrag

Intimkonsert med Valestrand Mannskor i Valen kapell 2025.

Intimkonsert med Valestrand Mannskor i Valen kapell

Onsdag 4. mars inviterer Valestrand Mannskor på ny til intimkonsert i unike Valen kapell.

Koret rundar tretten år denne våren, og har i løpet av desse åra opptredd i ulike samanhengar – på små og store scenar både i og utanfor kommunen. Dette har ført til eit omfattande og variert repertoar som publikum har vist å setja pris på, og koret ønskjer difor henta fram ein del av desse songane saman med nokre nye og presentera dei i ein eigen konsert.

For å skapa ei stemningsfull, lun og litt annleis konsertoppleving har koret også i år valt Valen kapell som arena, og på programmet står eit knippe fine songar som i høgaste grad kjem til sin rett i dette vesle, flotte bygget som opprinneleg er frå 1707, men som blei gjenreist slik det står i dag på slutten av 1940-talet. 

Kapellet har snautt 50 sitjeplassar, og med ei sneis velfødde karar på scenen ligg dette an til å bli ein konsert der publikum, kor og musikarar verkeleg kjem tett på kvarandre.

Koret stiller som vanleg med dei faste musikarane sine, men vil i år som i fjor leggja vekt på eit enkelt og kompakt oppsett for å tilpassa seg atmosfæren i kapellet.

Og målsetjinga til mannskoret er som før; dei syng helst ikkje for noko mindre enn fullt hus – og ønskjer med det alle velkommen til ei triveleg kveldsstund med song og musikk i Valen kapell.

På grunn av eit avgrensa tal på plassar til kvar konsert må billettar kjøpast på førehand.

Bjarne Hetlesæter, leiar i Valestrand Mannskor

Powered by Labrador CMS