lesarbidrag

Søndag blir det ei spesiell gudsteneste i Førde, for 16. året på rad. Motivet er frå turstimarsjen i fjor. Søndag kan nok regnkleda droppast.
Søndag blir det ei spesiell gudsteneste i Førde, for 16. året på rad. Motivet er frå turstimarsjen i fjor. Søndag kan nok regnkleda droppast.

Gudsteneste på Skaparverkets dag i Førde

Førstkommande søndag blir det feira skaparverkets dag i Førde. Og det er mykje å feire. Blant anna alle dei talent vi er skapte med. Nokon kan spele, nokon kan bake bollar og andre kan formidle bodskapet. Og alle vi andre kan nyte av skaparverket.

Det blir speling av blåsargruppe i gudstenesta, og gruppa gjev òg ein minikonsert frå kyrkjetårnet på veg ned til Prestehagen der Førde kvinne- og familielag står klar med bollar, kaffi og saft. Så blir det å bruka kroppen vi er skapte med til å gå «Turstimarsjen» på stigane i Førde. Det er 16. året dette arrangementet blir gjennomførd. Diplom til alle som fullfører blir det òg i år.

I år blir det og eit spesielt møte i gudstenesta då vi skal høyre frå Astrid Karin og Hans Ole Strand, som saman med familien skal reise ut som misjonærar til Elfenbenskysten i løpet av sommaren. Og så skal vi feire det nye livet då ein familie skal bere sin Christoffer til dåpen.

Skaparverket er sanneleg verdt ei festgudsteste.

Arild Steinsland

Powered by Labrador CMS