lesarbidrag
Grøn resept frå Sveio turlag hausten 2021
Treng du inspirasjon til kor du kan gå tur – og det i kjekt lag? Bli med Sveio turlag, her er dei planlagde turane for hausten og vinteren.
August
Søndag 22.8. vert det ein tur rundt Straumsvollvatnet, Nordre Vikse i Sveio. Vi vil m.a. gå til «Stemmen» og Kvernalaupe, og kan henda ein avstikkar til utsiktspunkt mot havet i vest. Svein Magne Vikse er kjentmann.
Tirsdag 24.8. er Geir Birger Haug kjentmann på ei om lag 1,5-2 timars historisk vandring i lett kupert terreng på sti og grusveg i Festningsområdet/bunkerane på Nesheim, Eltravåg i Sveio.
Tirsdag 31.8. vert det ein middels krevjande rundtur til Hodnafjell (325 m.o.h.) og Varden (280 m.o.h.) med start frå ny p-plass til Hodnafjell.
September
Søndag 5.9. legg vi ut på ei lokalhistorisk vandring i kulturlandskap i lett kupert terreng til Vestre Vika på Bømlo, vidare til «Mjelkevik» ved Vikafjorden, garden Berge med «Bergehuset» frå om lag år 1830, og Bergesfjellet (126 m.o.h.). Leiar i Bømlo tur- og Sogelag, Bernt Emil Vika vil fortelja. Dei som vil, kan gå den korte, men noko bratte turen opp til Bergesfjellet.
Tirsdag 7.9. går turen frå Fjon i Sveio, til Svebakken, ein nedlagd husmannsplass i Tysvær. Svebakken er eit kommunalt og vakkert friområde ved Ålfjorden.
Søndag 12.9. vil vi på ein 4,3 km tur i lett kupert terreng rundt Tjelltjørn i Haugesund få sjå kva imponerande arbeid som er lagd ned for å leggja til rette for tur, rastepausar samt barneleik i området.
Tirsdag 14.9.: Etter avtale med grunneigar legg vi ut på ein tur rundt Bjellandsvatnet i Sveio, med start frå parkeringsplass ved Fuglereservatet. Frå høgdepunktet «Vaulhoien» er det godt utsyn over m.a. Bjelland.
Tirsdag 21.9.: Det vert ei triveleg kveldsstund når Ingebjørg Enerstvedt Haga og Nils Kristian Haga ordnar med bålkaffi på «Sjenet» nede ved Storavatnet på Tjernagel.
Søndag 26.9. legg vi turen til Hystadmarkjo på Stord, med om lag 1,5-2 timars vandring tur-retur langs sjøen m.a. forbi Kolera-kyrkjegarden til Sævarhagsvikjo båthamn. Jonas Eldøy stiller som kjentmann.
Oktober
Søndag 3.10. møtes vi ved transformatoren på Klovning, 3,5 km sør for Førland skule, går forbi idylliske Høyvikvatn og noko bratt oppover til Slettafjellet (240 m.o.h.) i Tysvær. Vi tek ein annan veg attende til bilane.
Søndag 17.10. tek vi ein tur til Målefjell (307 m.o.h.) med start frå Haraldsplass i Valevåg.Vi følgjer traktorvegen oppover til søre enden av garden Tråvås, og vidare over på gamal kyrkjeveg. Frå Målefjell får vi godt utsyn mot m.a. Bømlo og Stord, før vi følgjer sti og traktorveg ned Kvednhuskleivo og forbi inntaksdammen til tidlegare Valevåg vassverk.
November
Tirsdag 2.11. ynskjer turlaget å samla små og store til ei «spøkelsesvandring» i skogen på Lier ved Ålfjorden, før vi samlast rundt bålet på speidarplassen der vi vil steike pinnebrød. Ta med familie og vener, lommelykt, gode klede og sko.
Tirsdag 9.11. møtes vi til såkalla «kosekveld» på Kysttunet i Auklandshamn. Erik Lie Johannesen vil halda fotoforedrag med flotte bilete frå Sveio og andre stader på Haugalandet. Turlaget vil servera rundstykker og noko kaffimat. Den gode drøsen ordnar seg alltid sjølv!
Desember
Søndag 26.12. er det berre å ta familie og vener med ut på ei om lag 1-1,5 timars vandring på god turveg i desemberfrisk sveioluft når turlaget legg ut på den årlege 2. juledagsvandringa frå Sveio golfpark. Det er alltid nok varm og god julegløgg til dei som møter fram.
For Sveio turlag
Elisabeth Hauge Bakke