lesarbidrag
Godt val, Sveibuar!
På måndag er det rådgjevande folkeavrøysting om kva fylke Sveio skal høyra til framover. Eg vil rosa Sveio kommune ved ordføraren for måten både me og Rogaland fylkeskommune er blitt involverte i prosessen. Det har vore interessant å følgja debatten som har gått i høve spørsmålet, og det er til nokre av argumenta i denne, eg tillèt meg å koma med ei ytring, og det gjeld på kva ei fylkesgrense inneber:
Over heile landet finst det kommunar som ligg i ytterkanten av ei fylkesgrense, medan andre ligg midt i fylket, og alle utviklar dei sine lokalsamfunn.
Eg er av natur skrudd saman slik at eg søkjer etter løysingane framfor å leita etter kva som står i vegen. Eg meiner oppriktig at slik er det med fylkesgrensa også. Sunnhordland og Haugalandet er eitt stort og sterkt felles bu- og arbeidsområde. Her kjenner mange kvarandre langt utover kommune- og fylkesgrenser, og driv næring på «kryss og tvers» innan regionen. Då seier eg: sjå på moglegheitene, utnytt moglegheitene i grenseland. Då vert ikkje fylkesgrensa eit knivskarpt skilje. Nordfjord og Sunnmøre er parallellen i nord, der er det ikkje debattar om fylkesgrensa, men dei inviterer begge fylka til utviklingskonferansar langt inn i kvarandre sine «territorium». Såleis var eg i haust innleiar på Moakonferansen i Ålesund, der temaet var samarbeid i regionen. Eg ser gjerne meir av det same i Sunnhordland og på Haugalandet.
Kommunane i Sunnhordland har utvikla eit sterkt og offensivt samarbeid. Dette er veldig viktig, og vert lagt merke til i det nye fylket. Eg har registrert argument om at Haugaland er ein utkant i Rogaland, – som har Stavangerbrillene på. Og, eg har registrert innlegg om at i Vestland flyttast fokuset nordover. Med handa på hjarta;- begge deler er feil. Sveio er ein like viktig kommune for Vestland som dei andre, og vil eventuelt verta likeverdig handsama i Rogaland.
Rogaland får tala for seg og sine prioriteringar, men eg understrekar at me har utvikla eit nært og godt samarbeid mellom oss desse to åra. I Vestland fylke definerer me oss som ein medspelar for å utvikla næringslivet, me jobbar for at kommunane skal lukkast i at menneska skal ha gode liv i gode lokalsamfunn, og at frivillig sektor får gode rammevilkår. I tillegg har denne nye fylkeskommunen lagt endå meir vekt på å vera landsdelen Vestlandet sitt talerør overfor Storting og Regjering.
Det er ved å vera ei samla røyst, som får gjennomslag i nasjonal politikk me verkeleg får til meir der folk bur og arbeider. Då får me til meir i Sveio også. Dette er det nye i Vestland fylke. Me stod saman og fekk mest i Nasjonal transportplan i fjor, me fekk mest midlar frå Innovasjon Norge i fjor, me gav mest til kultur og idrett under pandemien. Under pandemien har me støtta kommunane i danninga av nettverk for reiseliv- og nettverk for industrikommunar. Me ser målet om full breibanddekning i sikte, og legg inn meir midlar i 2022. Me vil halda fram med dette og meir til av det som bidreg til utvikling. Sunnhordland og Haugalandet er svært viktige for oss, -æresord!
Jon Askeland
Fylkesordførar Vestland fylkeskommune