lesarbidrag
Folket fekk feira forfattaren sin
17. januar 2020 blei forfattar Einar Økland 80 år. Han har alltid sagt han ikkje ønskjer noko markering av eigen person, men 22. november slo Sveio sokneråd og Valestrand kulturkyrkje på stortromma og laga ei flott markering for forfattaren som debuterte med lyrikkboka «Ein gul dag» for 57 år sidan.
Sidan då har han skrive over 80 bøker i alle sjangrar og det var heilt på sin plass å laga ein festkveld for den aktive forfattaren.
I det litterære Noreg har han hatt mange roller og oppgåver, alt frå konsulent for Det Norske Samlaget, til medlem av «Det litterære råd» og Profilgruppa, har motteke manga av dei prisane som er å få, og hausta ære for sitt lange liv med pennen.
For mange år sidan kjøpte gjerne Einar det som ikkje andre såg sin mon i på auksjonar og antikvitetsbutikkar. Det har gjennom mange år blitt til ei fantastisk samling av julehefte, malarbøker, reklamemateriell, vekeblad og andre småhefte og interessante pamflettar. Det har i neste høve blitt til interessante bøker og samlingar. Ein arbeidar nå med å gjera heile samlinga til eit forskarobjekt der ein kan komma og lesa og læra om folkeleg litteratur gjennom hundre år og vel så det.
Det er kjend at forfattaren ikkje ønskjer noko ståhei om sin eigen person og sitt virke. Då vegen han bur i fekk namnet «Einar Øklands veg» meinte han at det var over grensa. Han har alltid gjeve uttrykk for at i heimbygda ønskja han å berre vera Einar, til liks med alle dei andre vanlege folka som bur i Valestrand. Difor var det stor glede i leiinga for Valestrand Kulturkyrkje då han samtykka til ei markering.
Og markering blei det, ein heidersmann verdig. Musikarane Kari Beate Tandberg (komponist og pianist), Ragnhild Vannebo (skodespelar) og John Pål Inderberg (saxofon) spela eit nykomponert verk og las dikt, eksperimentelt, men heilt til forfattaren sin glede. Nabo og kollega Agnes Ravatn helsa frå seg og Einar sitt forlag, Samlaget.
Ordførar Linn Therese Erve snakka om kor viktig Einar Økland er som fyrtårn i Sveio kommune og Valestrand, og Monica Vandaskog Valen helsa frå kulturkyrkja. Programmet blei kyndig bunde saman av programleiar Arild Steinsland. Som avslutning spela organist Alie Hamberg «Preludium» av Bach.
Og i våpenhuset fekk alle besøkande utdelt ei bokgåve frå kveldens rause heidersgjest.
Av Bror E. Eriksen