lesarbidrag
Fangst og fiske i Holsvika
Søndag 20. juni arrangerte Sveio Jakt Fiske og Naturvernforening suksess-arrangementet Fiskesommer i Holsvika på Tittelsnes.
Det var overskya og vêrgudane trua med regn utpå dagen. Det rann på med små og store på denne flotte plassen, og me noterte 143 besøkande som prøvde fiskelykka eller assisterte sine barn eller barnebarn.
Totalt melde det seg inn 21 nye medlemmer i foreningen. Det blei servert gratis pølser, brus og kaffi, noko det blei stor avsetting på.
Det var til tider kø for å padla i kanoane me lånte av Valestrand idrettslag og våre eigne sit-on-top kajakkar.
Me hadde vore innom eit par bedrifter i forkant og fortalt om arrangementet og spurt etter gåve til premiar, noko dei var veldig positive til og på gåvebordet var det eit stort utval av premiar. Dei som støtta oss med gaver var Vikse Paintball, Haukås Bilverksted, Egon, Sunnhordaland Planteskule, Kyvik, Baardsen på Kaien, Salar Sport, Uni-k og Sveio Blomster.
Me fekk mykje skryt og positive tilbakemeldingar frå dei som møtte opp. Ungane storkosa seg med bading, fisking og krabbefangst. Krabbefangsten viste igjen på køen då det var innveging, då krabbetalet passerte over 100 krabber som skulle teljast. Me rakk akkurat å dela ut premiar før regnet kom, slik vêrgudane hadde varsla om.
Tusen takk til dei som sponsa, og dei som deltok på dette arrangementet, og som gjorde dette til ein fantastisk dag for små og store!
Vidar Høyland
Leiar Sveio JFNF
Fangst barn
Størst fisk
Jonas Hammer og Kristian Sørensen, lyr 3000 g
Laurits Skogland, lyr 2850 g
Elias Pettersen og Oliver Måge, torsk 2650 g
Totalvekt fisk
Elias Pettersen og Oliver Måge, 6250 g
Jonas Hammer og Kristian Sørensen, 5630 g
Laurits Skogland, 2850 g
Størst krabbe
André og Marius Spangberg, 90 g
Mathias og Thea Vikse, 80 g
Grantas Repsas, 78 g
Antall krabbar
Snorre Høyland og Jonathan Haugland, 111 stk.
Leonard Enoksen, 92 stk.
Mathias og Thea Vikse, 78 stk.
Fangst vaksne
Total vekt fisk
Harald Åsbø, 4300 g
Anne Solveig Kolbeinsen, 710 g
Arild Helland, 230 g
Heidi Knutsen, 38 g
Sjeldnast fangst
Ole Jakob Bjelland, Hornkvabbe
Even Støle, Horngjel