lesarbidrag

Dugnad mot Landøyda

Førdebuar i regi av bygdalaget tok i eit tak og fylte pose etter pose med problemplanta Landøyda. – Me heldt på i tre timar, seier Linda Kristiansen.

Dugnad i Førde onsdag 2. august.

Mange har nok lagt merke til planta Landøyda langs vegkanten.
Planta spreier seg raskt og er giftig for menneskje og dyr. Onsdag ettermiddag i forrige veke møtte fire barn og ti vaksne opp for å ta bort planta.

Me heldt på i tre timar og fekk tatt for oss store deler av bygda. Nokon hadde starta i forkant nokre dagar før.

Det vart over 28 sekkar med Landøyda. Det var Førde Bygdalag som sto for dugnaden, som vart publisert dagen før på Facebook-sida deira.

Bygdalaget stilte med boss-sekkar og drikke, hanskar hadde folk sjølv.

Linda Kristiansen

Powered by Labrador CMS