lesarbidrag
Bjørn Egil Flø gjestar senioruniversitet
Måndag 16. februar 2026 får me storfint besøk til Sveio senioruniversitet. Dette skjer på Sveio soknehus.
Måndag 16. februar 2026 får me storfint besøk til Sveio senioruniversitet. Dette skjer på Sveio soknehus.
Bjørn Egil Flø er oppteken forholdet mellom by og land, rurale strøk og bønder, eit tema som me håpar treffer mange alders- og interessegrupper i Sveio og omegn. De finn meir om kva han er oppteken av under hans namn på Facebook.
Bjørn Egil Flø er utdanna sosiolog frå NTNU og har ei doktorgrad i bygde- og landbrukssosiologi. Han starta som forskar sist på 90-talet ved det som då heitte Norsk senter for bygdeforsking (i dag Ruralis) før han i 2015 gjekk til det nyfusjonerte forskingsinstituttet NIBIO.
Flø arbeider særleg med spørsmål knytt til landbruk, bygdesamfunn, distriktspolitikk og forholdet mellom by og land. Han er oppteken av korleis politiske og økonomiske endringar påverkar kvardagslivet i rurale område, og han har bidrege med viktig kunnskap om bonden si rolle i samfunnet.
Flø er også ein synleg samfunnsdebattant, kjend for å formidle forsking på ein klar og engasjerande måte i media. Gjennom både forsking og deltaking i den offentleg samtala har han vore med på å setje søkelys på verdien av levande bygder, kombinasjonsbruka i jordbruket like som alle dei andre små og mellomstore lokale verksemdene og ikkje minst frivilligheita, det sosiale limet som held samfunna saman.
Anne K. Grutle, Sveio senioruniversitet