Annonse:
Ledig stilling: Journalist
Søknadsfrist: Fortløpande
Vestavind, lokalavisa for Sveio kommune, har ledig 100 % fast stilling som journalist frå 1. mai.
Me kan tilby ein spennande jobb i eit lite og moderne mediehus, med ein offensiv digital strategi.
Me tilbyr:
Fast journaliststilling i ein ekspansiv region med stor variasjon i næringslivet, eit allsidig kulturliv og flott natur.
Kontorplass i eit moderne og triveleg lokale midt i Sveio sentrum, som ligg 20 minuttars køyring nord for Haugesund sentrum og 30 minuttar sør for kommunesenteret Leirvik i Stord kommune.
Me ønsker ein journalist som:
- Kan jobba raskt og effektivt og kastar seg rundt når det trengs, men samstundes har evne til å gå i djupna og vera grundig.
- Har kunnskap om og interesse for sosiale medium.
- Skriv nynorsk og/eller bokmål.
- Disponerer eigen bil.
Søknadar blir vurderte fortløpande.
Kontaktinformasjon:
- Ellen Marie Hagevik, Ansvarleg redaktør, tlf. 916 33 866 / e-post: ellenmarie@vestavind-sveio.no