kultur

Ivar Sveine, leiar for dialektprosjektet «Ska´sei», er på jakt etter informantar som er 15-16 år, og over 60.
Ivar Sveine, leiar for dialektprosjektet «Ska´sei», er på jakt etter informantar som er 15-16 år, og over 60.

Treng hjelp til å kartlegga dialektane på Haugalandet

Karmsund Mållag, i samarbeid med Haugalandmuseene og Rogaland Historielag, starta i fjor haust eit prosjekt for å undersøka korleis språket har utvikla seg på Haugalandet.

Publisert Sist oppdatert

– Det har skjedd ting i prosjektet sidan sist, men diverre ikkje så mykje som me kunne ønskja. Grunna covid-19 har me måtta utsetja dei fleste aktivitetar som inneber fysiske møter, og dette har gått ut over å læra opp intervjuarar og setja i gong med intervju, som skal gjerast heime hos eldre, og i grupper på to-tre ungdomsskuleelevar saman. Dette skulle me gjennomført før påske i år, men er omkring eit halvt år forsinka, opplyser Ivar Sveine, prosjektleiar for dialektprosjektet «Ska sei». Han håpar å vera i mål med intervjua i løpet av hausten,

Jaktar på informantar

Ifølgje prosjektleiaren er 20 intervjuarar nå kursa og er komne i gong med intervjuing. Den store flaskehalsen nå er å skaffa nok informantar som kan bli intervjua. Det trengst godt vaksne i aldersgruppa 60 og oppover, og ungdomsskuleelevar.

– Me treng informantar frå Sveio, Etne, Vindafjord, Tysvær, Haugesund, Karmøy og Bokn. Intervjua varer omkring 45 minutt. Det er inga førebuing og informantane treng ikkje vera ekspertar på noko som helst. Det einaste dei tar med seg er dialekten sin, forklarar Sveine. Han forsikrar at personvern blir teken godt teke vare på.

Målet er å intervjua 70 eldre og 70 unge. Desse blir fordelte på kommunane, så det vil vera fleire i dei store kommunane enn dei små. Materialet kan brukast i seinare forsking, med dokumentasjon av språk og kulturhistorie frå eldre og yngre i 2021.

Gamle og nye dialektopptak

– Museet har dialektopptak som er opptil hundre år gamle. Nå skal me få mange nye som kan brukast til forsking, mellom anna av bachelor og masterstudentar, seier Sveine.

Interesserte kan melda seg på mail haugalandsdialekt@gmail com.

Prosjektet har støtte frå mellom anna Kulturrådet, kommunane Haugesund, Bokn, Tysvær, Karmøy og Vindafjord og Rogaland Fylkeskommune.

Powered by Labrador CMS