kultur

Til Sveio med konfirmantførestilling

Fredag 26. april får barne- og ungdomsarbeidet i Den norske kyrkja sine kyrkjelydar i Sveio storfint besøk av to søstre Trætteberg og ein musikar frå Bergen.

Publisert Sist oppdatert

Dei kjem med førestillinga «JEGHERNÅde», som dei framfører først for konfirmantane. Seinare på dagen har dei ein forkorta versjon av førestillinga på Tweensklubbkvelden for aldersgruppa 5. til 7. klasse, fortel kyrkjelydspedagog Haldis Rolfsnes Stueland i ei pressemelding.

– To av søstrene Trætteberg og musikar Eivind Waage Austad var i Sveio med førestillinga i april 2017, og me gjorde oss gode erfaringar då dei framførte førestillinga på soknehuset. Deltakarane på Tweensklubben blei svært fascinerte av førestillinga. Sidan er førestillinga vidareutvikla og blir no hovudsakleg spela for konfirmantar, fortel Rolfsnes Stueland.

Utøvarane

Sigrid Trætteberg Fahlvik og Kristin Trætteberg arbeidar som kateketar i kvar sin kyrkjelyd i Bergen. I tillegg har dei utdanning i musikk, drama og pedagogikk. Dei utviklar og framfører førestillingar til kyrkje og trusopplæring.

Eivind Waage Austad er frilans jazzmusikar og arbeida som universitetslektor i piano ved Griegakademiet.

Kristuskransen

Sigrid Trætteberg Fahlvik og Kristin Trætteberg har dette å seia om førestillinga si:

– Førestillingen «JEGHERNÅde» tar utgangspunkt i Kristuskransen. Det spring forteljingar ut frå dei ulike perlene – eller omvendt, perlene spring ut frå dei ulike forteljingane. Sentrale bibelforteljingar møter ulike livsforteljingar som publikum kan kjenna seg igjen i.

Forteljinga kretsar rundt kven ein er i møte med seg sjølv, verda, andre menneske og Gud. Samstundes blir omgrepet nåde utforska i samspelet mellom «eg-perla» og «Gud-perla» i Kristuskransen.

Powered by Labrador CMS