kultur

Kunstnar frå Oa inspirerte av fløytarar:

Sveio-kunstnar inspirert av fløytarliv i gamle dagar

«Skogsvesen» har Weidemann-stipendiat Helene Førde kalla utstillinga si.

Publisert Sist oppdatert

Laurdag 18. september var det opning av årets minnestipendiat utstilling i Regimentsbustaden i Steinkjer. Utstillinga er signert Helene Førde, oppvaksen på Oa, no busett i Bergen.

Skogsdrift-historie

Hovudverket «Benning» (lokalt uttrykk for tømmerbinding), har bakgrunn i dei mange historiske bøkene utstillaren las om skogsarbeid i området, og dei mange fascinerande bileta frå blant anna tømmerfløyting.

– Eit visuelt fenomen, som gjorde inntrykk på meg var tømmerbindingane som kunne oppstå i smale og vanskelege parti av elvar og stryk, under fløyting. Tømmer kunne då setja seg fast og føra til at det som kom bak også sette seg fast og «batt seg» inn i kvarandre, til ein stor floke. Det blei då eit farleg arbeid for fløytarane som måtte prøva å få det laus, ofte måtte det dynamitt til, og fleire liv har gått tapt under slikt arbeid, fortel Helene Førde.

Det var ein einstemmig stipendkomité som beslutta å tildela Helene Førde Jakob Weidemanns Minnestipend for 2020. I alt 29 velkvalifiserte søkjarar konkurrerte i år om stipendet på 50 000 kroner.

Førde har master frå Kunst og designhøgskolen i Bergen i 2014, og har delteke på ei rekkje utstillingar i inn- og utland. Ho arbeider både konseptuelt med installasjonar og er samstundes ein glimrande teiknar.

Grundig forarbeid

– Kva var det som gjorde at du valde fløyting av tømmer som tema?

– Å bli tildelt Jakob Weidemanns minnestipend er sjølvsagt svært gledeleg, samt viktig for prosjektøkonomien. At stipendet innebar arbeidsopphald på totalt fire-seks veker i Steinkjer passa dessutan svært godt for min måte å arbeida med prosjekt på. I god tid før ei utstilling vil eg gjerne besøka staden der eg skal ha utstilling, for å bli betre kjent med både området, utstillingsromma og undersøka om aktuelle lokale problemstillingar og historisk viktige felt. Dette er det som dannar grunnlaget for dei utstillingsarbeida eg seinare utviklar, forklarar Førde.

Ny og gamal historie

Men tema for utstillinga er mykje breiare enn berre tømmerfløyting. Dei andre verka tek for seg andre ting innan den breiare tematikken.

Eitt av dei felta som fanga Førde si interesse, var kor viktig skogen, skogsarbeid og trelastindustri har vore for utviklinga og forminga av Steinkjer og området rundt. Eit felt som framleis er viktig er skogsdrift.

– Prosjektet utvikla seg slik at eg ønska å relatera til både ny og gamal historie i utstillinga og i dei ulike verka, til tema som utvikling innan arbeidsliv og industri, og korleis det heng saman med samfunnsforming og landskapsendring, og utnytting av naturressursane våre, seier Weidemann stipendiaten.

Utstillinga står fram til 24. oktober.

Helene Førde utanfor Regimentsbustaden i Steinkjer.
Powered by Labrador CMS