kultur
Stor dag for liten forfattar
Førehandssalet av Gry Kristin Karlson si nyaste bok er i gong. Den høyrer heime i sjangeren fantasy og science fiction, har fått namnet «Øya på sokkelen», og er den første i ein triologi.
Det har gått fire år sidan Karlson debuterte med spenningsromanen «En liter blod» på Lyst forlag.
Då Vestavind var på besøk heime på Apeland i 2016, hadde ho nett fått boka i nevane, stolt, men også nervøs.
– Det gjekk heilt fint, eg fekk mykje positiv mottaking, og ein og annan negativ, men det lev eg fint med. Og denne gongen har eg ikkje dei same nervane, seier Karlson, som trivst best med sjangeren fantasy.
Månetetragonene
«Øya på sokkelen» har ikkje kome så langt at den er ferdig trykt, men manuset er levert inn,
prøvelesarane har gitt sine tilbakemeldingar, framsida er klar og berre finpussen gjenstår.
– Boka er den første i triologien om Månetetragonene. Tetragon er ei vitskapleg forklaring på ein firkant, forklarar Karlson, som ikkje kan seia så mykje meir om triologi-tittelen, utan å røpa for mykje for lesarane. Men handlinga er ikkje så infløkt som ein kanskje ser føre seg når ein høyrer fantasy og science fiction.
Skryt frå prøvelesarar
– Historia startar i England, me føl den 23 år gamle hovudpersonen som heiter Sofia Wilson. Mora hennar er kreftsjuk, og dei to flyttar til mora sin barndomsheim, huset har stått tomt lenge. Faren til Sofia var arkeolog og er antatt omkomen, då han blei tatt av eit ras i India. Han og kollegaene blei aldri funne, oppsummerer Karlson, som er stolt over historia ho har skapt.
Og skryt har ho fått frå prøvelesarane, slik som at historia er svært spennande, har ein raud tråd, er lett å lesa, umogleg å leggja frå seg. Ho blir også samanlikna med den britiske forfattaren Kate Mosse.
Krimbok i emning
Den skriveglade 40-åringen har intensjonsavtale med nystarta Neglebitt forlag på Randaberg om to bøker til, i første omgang. Det er stort for ein uetablert forfattar.
– Når ein er liten, jobbar ein ofte utan kontrakt. Me har ein midlertidig plan, men det er ingen garanti for at eg får gitt ut bøkene, seier Karlson. Den eine det er snakk om, er oppfølgjaren til «Øya på sokkelen», den andre er ei krimhistorie. Begge er påbegynte, og er planlagt utgitt i 2022.
– Utruleg bra skrive
Det er Simen Ingemundsen som er redaktør for «Øya på sokkelen». Han er begeistra for Karlson sine tekstar, førsteutkastet til den aktuelle boka las han for nokre år sidan.
– Då me sette i gong med forlag, tenkte eg på ho, og sa at me var veldig interesserte i å gi ut boka ho jobbar med. «Øya på sokkelen» er så god! Eg er inhabil, men boka er utruleg bra skrive, eg har tru på henne som forfattar, seier Ingemundsen, som har bakgrunn som journalist, mellom anna frå Stavanger Aftenblad. Dei siste åtte åra har han vore i bokbransjen, og starta forlaget i lag med Stig Ellingsen i juli i år.
– Det er ikkje mange som skriv fantasy av norske forfattarar. Eg har trua på at Gry Kristin kan bli ein av dei betre i Noreg. Språket ho har er fantastisk, rosar Ingemundsen.
Sveibuen si bok blir den første forlaget gir ut, som ikkje er deira eigen.