kultur
Pinsestemne opnar Moster-feiringa
Første pinsedag, 19. mai inviterer Felleskristen komité for Moster 2024 til pinsestemne og mostrating i Moster Amfi. Arrangørane håpar på stor deltaking frå heile Sunnhordland og Haugalandet.
Dette blir det første av ei lang rekke arrangement i samband med 1000-årsjubileet for Kristenretten. Feiringa munnar ut i den offisielle markering av rettsjubileet 29. mai-2. juni.
Gudsteneste og verdisamtale
Pinsestemnet i Moster Amfi startar med gudsteneste der bergensaren Øystein Gjerme er houvdtalar. Han er leiar for Pinsebevegelsen i Norge og hovudpastor i Salt-nettverket. Sveinung Hølmebakk, Espen Isak Egeland og Håkon Tolås står for songen og musikken under gudstenesta.
Etter ein pause held pinsestemne fram med Mostratinget, ein panelsamtale om korleis framtida skal formast på bakgrunn av tusen år med kristendom her i landet.
Gjerme deltar i samtalen saman med Sofie Braut, som er kommentator i avisa Dagen, og forfattaren Ole Petter Erlandsen som har skrive boka «Anno 2024 – året som forandret Norge».
Fleire jubileum
Fleire jubileum flettar seg elles saman under pinsestemnet på Moster. Kyrkjekultur Vest og Regionalt pilegrimssenter Bergen startar ein pilegrimstur frå Moster der første etappe går til Bergen til opninga av av jubileumsutstillinga «Magnus Lagabøtes landslov 750 år».
Pilegrimsseglasen, som går med hardangerja «Caroline av Sandnes», ender opp i Trondheim i slutten av juli. Det er ungdommar som skal vera med på denne turen og bringa med seg eit verdibrev som til slutt skal overleverast til Nasjonaljubileet 2030.
Blant særskilt inviterte gjester til pinsestemnet er Nidaros-biskop Herborg Finnset, fylkesordførar Jon Askeland, leiaren i Bjørgvin bispedømmeråd Oddny Miljeteig og Borghild Lundeby, som er sekretariatsleiar i Nasjonaljubileet Norge 1000 år.
Fleire sveibuar er sentrale i Moster 2024: