kultur
Paul Hansen imponerte på slippen
Det var kjøleg og litt annleis enn i glansdagane i Vamp. Uansett – Paul Hansen imponerte stort på den gamle slippen i Auklandshamn.
Det var koseleg ramme med levande lys og eit lydhøyrt publikum. Fullt hus, sjølvsagt, for når sjølvaste Paul Hansen tar med seg gitaren, stemma og eit knippe med det beste frå både Vamp og Blest så er det verdt å ta turen.
– Utruleg kjekt å vere her og for eit stileg lokale de har klart å få til her. Dette gav meirsmak, kvitterte Hansen etter ein time spekka med gamle hits.
Traff publikum
Ein konsert med Paul Hansen aleine er også ei reise i kor viktig denne stemma har vore for dei to banda. Songane kom tett og fleire i salen kosa seg skikkeleg då deira favoritt dukka opp. Det var allsong og nynning, til og med litt fingarknipsing.
«På bredden», «Hos deg», Oslo (Sveio) ein sommarkveld og «Ein ny dag» falt alle i god smak og ikkje minst den dessverre alltid like aktuelle «I Dine sko» om flyktningar.
Første konsert som soloartist
Den gamle slippen i Auklandshamn fungerte svært så godt som konsertarena, og når en får litt meir varme på så blir det heilt perfekt.
Konserten var den første for Paul Hansen som soloartist. Det måtte sjølvsagt bli i nydeleg Auklandshamn, meinte han.