kultur
Nynorskstipend til omsetjingsarbeid
Øygunn Leite Kallevik får 50.000 kroner av Noregs Mållag for den medisinske læreboka som ho skal gå i gang med å omsetja.
Stipendet er på 50.000 kroner, og Kallevik får det for å laga ei lærebok i journalskriving for medisinstudentar. Ho skal revidera, omsetja og slå saman bøkene Medisinsk journalskriving og Journal1 til éi lærebok for både medisinstudentar og turnuslegar.
I dag finst det ikkje ei slik lærebok på verken nynorsk eller bokmål.
Sunnhordlending
Kallevik er leiar i Medisinsk mållag, eit yrkesmållag for alle som jobbar og studerer noko helserelatert. Sjølv er ho opphavleg kvinnhering, men no buset i Bergen.
Mykje av faglitteraturen innan fagfeltet er på engelsk.
– Styret la i si grunngjeving vekt på at i medisinen, som i andre profesjonar, er det viktig at studentane lærer seg eit presist språk og norske faguttrykk, seier leiar Peder Lofnes Hauge i Noregs Mållag.
Eitt av to
Mållaget deler ut to nynorskstipend kvart år. Dei går til prosjekt som fremjar nynorsken på område der han er lite brukt.