kultur
Nervar og spenning før norsk MGP-finale
Etter å ha gjort nokre småjusteringar på MGP-showet sitt, satsar Blåsemafian på å marsjera heile vegen fram til Rotterdam saman med resten av korps-Noreg.
Laurdag klokka 19.55 startar direktesendinga på Fornebu, utan publikum i salen. Når programmet er slutt veit me kven som skal presentera Noreg i den europeiske Melodi Grand Prix-finalen.
– Me håpar folk vil fortsetta å heia på oss, det betyr utruleg mykje. Og sidan me er «underdogs» i finalen på lørdag, treng me alle dei stemmane me kan få, seier Stig Espen Hundsnes frå Sveio.
Saman med Sigurd Evensen og Jørgen Lund Karlsen utgjer han gruppa Blåsemafian. I låten «Let Loose» har dei også med seg Caroline (Hazel) Teigen som vokalist.
Let Loose rørsla
Dei siste vekene gruppa hatt ein stor jobb med å forvalta det enorme engasjementet dei har fått i samband med Let Loose-rørsla.
– Det har vore heilt overveldande og rørande! Me har produsert svært mykje innhald til sosiale medium, blant anna storbandversjon av låta, som me filma på Nasjonal Jazzscene. I ein annan video har me Ole Edvard Antonsen inne på ei øving, der han hjelper oss med å bli klare til finalen, og gir oss «straumsjokk» viss me gjer feil, seier Hundsnes.
«Nordens største Zoom»
Denne veka arrangerte Blåsemafian «Nordens største Zoom» der dei samla rundt 5000 korps- og korbarn frå heile Europa som såg på sendinga og spela med til den nye musikkvideoen til Let Loose. Opplegget var i samarbeid med Oslo Soul Children og Marienlyst skolekorps.
– Den «Zoomen» var heilt klart eit høgdepunkt, veldig inspirerande å sjå så mange som logga seg inn og var med, kommenterer Hundsnes. Han legg til at lista av engasjement er lang, dette er berre litt av det som han har vore oppteken av den siste tida.
12 innslag i alt
Ifølgje NRK er det MGP-prosjektleiar Stig Karlsen som har sett saman rekkefølgja til artistane som skal i konkurranse laurdag kveld. Rekkefølgja har blitt utarbeidd med eit mål om å fordela låtane slik at kvar artist står fram på best mogleg måte i den store heilskapen. Og i tråd med dei vala, også sikra ei variert og god TV-sending.
Dette er rekkefølgjen artistane skal opptre i:
| Atle Pettersen | «World on Fire» |
| Raylee | «Hero» |
| Stavangerkameratene | «Who I Am» |
| KIIM | «My Lonely Voice» |
| Blåsemafian feat. Hazel | «Let Loose» |
| Emmy | «Witch Woods» |
| TIX | «Fallen Angel» |
| Kaja Rode | «Feel Again» |
| Rein Alexander | «Eyes Wide Open» |
| IMERIKA | «I Can’t Escape» |
| KeiiNO | «Monument» |
| Jorn | «Faith Bloody Faith» |