kultur

Sveibu med i MGP 2021:

Lovar å levera eit heidundrande show

Stig Espen Hundsnes (32) har skapt seg eit levebrød av å gjera det han likar aller best, – nemleg å spela trompet. På laurdag er han klar for delfinale i Melodi Grand Prix.

Publisert Sist oppdatert

Låten «Let Loose» er skriven av Blåsemafian, saman med vokalisten Caroline Teigen og produsent  Benjamin Sefring, miksa av Christian Sol.

Blåsemafian som alt har gjort seg bemerka langt utanfor landets grenser, blir den aller første instrumentale artisten i MGP nokon gong. Trioen består av Stig Espen Hundsnes på trompet, Jørgen Lund Karlsen på saksofon, og Sigurd Evensen på trombone.

– Me gler oss veldig til norsk delfinale i morgon, laurdag. Førebuingane har vore omfattande, og me er klare til å levera eit heidundrande show, det kjem til å bli vanvittig gøy! seier Hundsnes.

Han er oppvaksen i ein musikalsk familie på Åse i Sveio. Pappa, Svein Hundsnes, skreiv vinnarlåten i MGP i 1975, «Det skulle ha vært sommer nå». Dette året er det junior som får sjansen til å imponera i songkonkurransen.

«Let Loose»

Ifølgje Hundsnes er ikkje «Let Loose» berre ein låt, det er også ei rørsle dei har skapt saman med Norges Musikkorps Forbund. Intensjonen bak er ønsket om å heidra korpsrøtene sine, og formidla dei positive verdiane som fellesskap, samhald og meistring har gitt dei.

– Me arrangerte blant anna Zoom-øvingar for korpsa der me spela «Let Loose» saman, og der var også Sveio Skulekorps med, korpset som eg sjølv spela med i ti år «back in the days», så det var jo ekstra stas, kommenterer trompetisten.

Noregs største Zoom

Onsdag denne veka var Hundsnes med og arrangerte Noregs største Zoom, der over 1000 korpsungdommar frå heile landet var samla. Grand Prix-låta «Let Loose» blei spela saman med Gardemusikken, ein god og viktig ambassadørar for rørsla.

– Det var utruleg inspirerande og motiverande for oss, seier Hundsnes engasjert. Dei siste åra har han turnert med sjølvaste Eurovision-dronninga Hanne Krogh, der også Johnny Logan var med på juleturné i 2018. Slik sett har han hatt mange i Grand Prix-miljøet med seg heile vegen.

– Eg håpar sveibuen vil benka seg framfor tv-apparatet på laurdagskvelden og stemma på  oss. Det hadde me sett utruleg stor pris på! oppfordrar musikktalentet frå Sveio.

Powered by Labrador CMS