kultur

Valestrand skulekorps har sett sitt preg både på 17. mai og andre høgtidsdagar. Eit år før korpset fyller 50 år, kan det bli lagt ned.
Valestrand skulekorps har sett sitt preg både på 17. mai og andre høgtidsdagar. Eit år før korpset fyller 50 år, kan det bli lagt ned.

– Gje korpset vårt ein sjanse!

Svikt i rekrutteringa gjer at Valestrand skulekorps no står i fare for å bli lagt ned. Som eit siste forsøk på å rekruttera nye medlemmer vurderer styret å senda informasjonsskriv til foreldra via skulen.

Publisert Sist oppdatert

Ifølgje leiar i Valestrand skulekorps, Anne Lise Økland, er det for tida berre fire aktive korpsmusikantar igjen i Valestrand, og dei har alt funne vegen til Førde.

– Skulekorpset vårt har vore i ein utfordrande situasjon i mange år, og diverre kan det sjå ut som om dei fleste foreldre her nord ikkje ser alvoret i utviklinga, påpeikar Økland som gir sterkt uttrykk for at det vil vera trist om korpset forsvinn.

Ho er likevel innforstått med at ei samanslåing med Førde må bli løysinga dersom alt «låser» seg. Då vil eitt skulekorps bli ein naturleg konsekvens.

Lite engasjement

I eit forsøk på å samla folk, gjekk korpsleiaren i forkant av årsmøtet 11. februar, ut med ei oppmoding på facebook, for å få valestrendingane til å engasjera seg:

– «Kjære valestrendingar! Eit lite rop om hjelp frå Valestrand skulekorps. Me treng aspirantar for å kunne fortsetta å ha eit korps i bygda. Per i dag har me berre to aspirantar som no spelar saman med Førde skulemusikkorps, i tillegg til kulturskulen ein gong i veka.

Førde er nøgde med samarbeid og tek imot oss med opne armar, så dersom me ikkje klarar å halda liv i korpset her nord blir det snakk om ei eventuell samanslåing på sikt. Så kjære deg som har skuleborn; me vil gjerne ha barnet ditt med på laget vårt. Det har vore motbakkar før, om me saman slår ring rundt korpset vårt kan me klara det igjen!»

– Me ønskte å gje bygda ein sjanse til, forklarar Økland.

Ho påpeikar at det handlar trass alt om eit korps har vore i bygda i snart 50 år, og som har sett sitt preg både på 17. mai og andre høgtidsdagar. Men responsen blei altså ikkje som forventa. Berre styret møtte, og av dei fem, gjekk to ut at styret.

Nedlegging og samanslåing?

– Korpset vårt risikerer dermed å bli lagt ned, og det vil i så fall bli eit stort tap for bygda vår. Men me gir oss ikkje heilt enda, me har verkeleg lyst å få korpset på beina igjen, fastslår Økland som har med seg Monica Valen og Bjørg Lise Høyland i korpsstyret. Før dei tar ei endeleg avgjerd om korpsnedlegging vil dei venta til nyttår.

– Me må vera fulltalege i styret for å ta ei slik avgjerd, difor vil me venta med ei eventuell samanslåing med Førde til det nærmar seg årsslutt. Imens forsøker me å ha is i magen og prøver å rekruttera, – i tillegg til at me samarbeider med Førde, informerer Økland, som også er styremedlem i Førde skulemusikkorps, og korpsmamma.

Eit lite lyspunkt

Heilt på tampen kan Økland melda om eit aldri så lite lyspunkt midt oppi det heile.

– Renate Skår har meldt seg til styreverv, så no er me heldigvis fire som kan dra lasset saman. Dersom nokon andre føler seg kalla, kan dei ta kontakt med meg. I tillegg håpar me sjølvsagt på nye medlemmer.

– Me vil oppfordra foreldre til å melda borna sine på kulturskulen for messinginstrument her på oppvekstsenteret, og bli med i Førde-korpset. 1. mai neste år er Valestrand skulekorps 50 år, og me drøymer om ei storslått feiring med nye og gamle korpsmedlemmer, seier Økland.

Powered by Labrador CMS