kultur

Frida Johansen Løvland har alltid likt å skriva. Flink er ho også, det er no visseleg bevist.
Frida Johansen Løvland har alltid likt å skriva. Flink er ho også, det er no visseleg bevist.

Frida (15) klar med den første av seks fantasy-bøker

15 år gamle Frida Johansen Løvland har sikra seg bokkontrakt på seks bøker i fantasy-serien «Trancia». Den første boka har tittelen «Fanget i fortiden», og kjem i desse dagar ut på Elefantus Forlag.

Publisert Sist oppdatert

Det starta som ein skrivekonkurranse og no har det vakse til ei bok på heile 321 sider. Nyleg kunne Frida Johansen Løvland leggja hendene rundt si første bok og vita at ho hadde klart det. Bokserien er innan emnet fantasy, målgruppa er 13 år og oppover.

– Det var først då eg fekk boka at det gjekk opp for meg at dette er seriøst og at eg faktisk gir ut bok, smiler den unge forfattaren. Ho bur på Tjernagel og går siste året på Sveio skule. Ho vedgår at det i ein periode har vore travelt, men synes likevel det har gått fint å kombinera bokskriving med skulen.

Fantasy-univers

Når skulearbeidet er gjort hoppar Frida elegant over til år 1000. I bøkene sine har ho nemleg skapt sitt eige drøymeunivers – heilt fritt for teknologi, men til gjengjeld full av magi.

– Alle har forskjellige versjonar av korleis ei eventyrverd ser ut, eg har mi og den har eg hatt i hovudet lenge, smiler Frida.

Hovudpersonen i boka er Annabel, ei 15 år gamal jente som har det «perfekte» livet. Ho er ein av dei alle ser opp til. Men kva om ein slik person har valdelege foreldre, falske venner eller strevar med sjølvmordstankar? Det er få med perfekte liv. Det kjem til utrykk når Annabel blir vitne til at venninna tek sitt eige liv. Kva om ho kan starta heilt på nytt med blanke ark? Kva om ho kan koma til ei heilt ny verd der ingen kjenner henne? Korleis er den verda ho ser når ho opnar augo etter nesten å ha drukna?

– Eg likar å skriva realistisk, både på godt og vondt, fastslår ho.

– Kva seier venene dine?

– Dei tykkjer det er stas, og mange har vore veldig støttande undervegs. Dei som har lese boka har ikkje lagt ho frå seg, det tek eg som eit positiv teikn, smiler den skriveglade jenta. Ifølgje Frida har ho alltid likt å skriva, særleg historier og novelle-tekstar.

– Best likar eg å beskriva sterke scenar, når det er intens spenning, men også gøy og litt seriøst. Eller sagt på ein anna måte; det eg synest er kjekkast å lesa, det synest eg er kjekkast å skriva.

Skrivekonkurransen

«Eg er feig», var tittelen på ei novelle ho skreiv på skulen i 2018. Den handla om nokon som såg at andre blei mobba, men syntes det var vanskeleg å seia frå. Eit aktuelt og viktig tema.

– Skulekarakteren blei ikkje den beste og eg må medgi at eg blei skuffa. Likevel var det dette som blei utslagsgivande for at eg bestemte meg seriøst for å skriva bok; ei venninne av mor mi, tipsa meg nemleg om ein skrivekonkurranse, og då fekk eg ny gnist til å skriva meir.

I april 2019 kom svaret ho venta på. Frida fekk ikkje førstepremien, men forlaget tykte manuset til Sveiojenta var så bra at også ho fekk bokkontrakt.

På høgde med Narnia

– Då Frida melde seg på Elefantus Forlag sin skrivekonkurranse var ho berre 13-14 år gamal, det valde juryen å sjå bort frå. Då manus skulle vurderast, blei ho vurdert på same måte som dei andre i konkurransen, fortel forlagssjef Bjørn Ove Rydland.

Han viser til juryen si vurdering av bokserien: «– Dette er formidlings- og forteljarevne på høgt plan. Plottet er både spennande, mystisk og nyskapande. Forfattaren sin fantasi dreg lesaren med seg inn i eit univers likt det C.S. Lewis, skaparen av Narnia, hadde laga, utan at det er nokon likskap mellom dei. Forfattaren maktar å fenga lesaren gjennom si fantasiverd og tek oss med på ei reise, ei flukt frå den smertefulle verkelegheita.»

– Med ei slik vurdering kunne me ikkje anna enn å gi henne bokkontrakt, noko me er stolte og glade over, fastslår forlagssjefen.

Powered by Labrador CMS