kultur
Elin (39) vil laga bunad inspirert av Sveio
– Det er på tide at også Sveio får si eiga festdrakt, meiner Elin Strømmen. Det har ho lyst å gjera noko med.
Den kreative 39-åringen elskar å sy og har ei viss formeining korleis ei eventuell festdrakt for Sveio skal sjå ut. Den har ho nemleg tenkt å designa og sy sjølv.
– Ryvarden må vera med
Dei første skissene blei laga for eit par år sidan, etter kvart har det utvikla seg. No er motivet på mønsteret nokså klart, fortel Elin Strømmen, og røper litt av planane:
– Ryvarden må vera med. Likeeins løvetann og strandnellik, – slike ting me treff på i kvardagen, sier trebarnsmora.
Stort prosjekt
Elles er det svært mange ting ho må ta stilling til, både fargekombinasjonar, stofftypar, mønster, band og sølje. Kanskje drakta skal ha ei strikkejakke også?
– Det er eit langsiktig prosjekt, og det gjenstår å sjå om det er liv laga, mykje er avhengig av om eg får støtte til å koma i gong, seier Strømmen. Ho har teke kontakt med Sveio kommune for å høyra om dei vil vera med og finansiera prototypen som er under utvikling.
– Eg håpar at Sveio kommune vil vera interessert i å finansiera den første drakta. Og det hadde vore stas om den kunne vore stilt ut på Ryvarden. Deretter er draumen å bera prosjektet vidare, seier den syglade trebarnsmora.
Broderer og monterer
Strømmen har hatt mange forskjellige småprosjekt i form av brodering og montering av bunadar dei siste åra.
– Nyleg monterte eg bunaden til ein konfirmant, det var veldig gøy, ikkje minst var det kjekt å sjå kor stolte foreldra var.
– Kva er draumen for framtida?
– At Sveio-festdrakta blir ein suksess og at eg får fleire med på laget. Og eg håpar sjølvsagt mange vil bæra drakta, seier Strømmen som er busett i Haugesund.