kultur

Alf Edvin Hovda fekk eit kunstverk og diplom som synleg bevis på at han har fått Sveio kommune sin kulturpris. Bildet er teke på eit av arrangementa til Liv og Lyst på Bua.
Alf Edvin Hovda fekk eit kunstverk og diplom som synleg bevis på at han har fått Sveio kommune sin kulturpris. Bildet er teke på eit av arrangementa til Liv og Lyst på Bua.

Alf Edvin Hovda fekk årets kulturpris

Prisvinnaren hadde inga aning om at han skulle få pris då han kom til kommunestyremøtet. Han trudde han skulle møta for å følgja saka om Tjernagelvegen.

Publisert Sist oppdatert

– Eg set pris på prisen og føler meg beæra. Men eg har ikkje gjort aleine det som blei ramsa opp. Det er folket som gjer at me får ting til, så prisen må delast med alle dei andre som bidrar, seier Hovda

Ordførar André. Mundal Haukås sa nokre velvalde ord og overrekte eit kunstverk og diplom til Hovda.

Dette skriv juryen:

Alf Edvin har i nært 60 år vore ein aktiv idémakar, pådrivar og igongsetjar av mange kulturaktivitetar, både lokalt i Bua-krinsen og elles i heile Sveio kommune. Etter kvart også utanfor kommunegrensa. Han har på ulike arenaer vore ein sentral pådrivar, og fleire av ideane ser me framleis i beste velgåande.

Alf Edvin var med på stiftinga av Bua ungdomslag i 1966, og laget arrangerte bygdakveldar for heile kommunen, fiskerikonkurranse, ungdomsråd (mogleg det første i landet) og barnehage (den første i kommunen).

I 1986 tok Alf Edvin initiativet til å starta lokalavis. Han fekk med seg folk i nærområdet, og dei drog i gong Vestavind. Han var i idretts- og ungdomsutval i 1972. Dette var seinare kulturstyret i Sveio, der han vart den første leiaren. I mange år var han med som leiar for Buaspeidarane, og han var ein aktiv medspelar for Sveio-dagane, både i Sveio og  Buavåg.

Sentral var han og så i 1997, då ein tok til med bygdeutviklingsprosjekt i Bua-krinsen, i ein periode der bygda stadig var trua av skulenedlegging. Alf Edvin fekk «ildna» sambygdingane opp til å setja i gong med ulike aktivitetar. Resultata frå dette vart mellom anna torvgrupper, gullgruppa, fokus på sjøhuset i Buavåg, Gullstien og Kystsågevekene. Nokre av gruppene lever enno, og sjøhuset er i bruk, og kjend langt utanfor kommunegrensene.

Alf Edvin sat 2 periodar som representant for Høgre i kommunestyret.

Dette året har Alf Edvin vore prosjektleiar for Liv og lyst på Bua. Der jobbar dei aktivt med å skapa aktivitet og samhald i bygda.

Utanfor kommunen har Alf Edvin vore sterkt engasjert i Folkets gåve, eit prosjekt i samarbeid med Haugesund Sanitetsforeinings Revmatismesjukehus. Han var også medarrangør i Vikingkonvoien i 1996.

Powered by Labrador CMS