kultur
Agnes Ravatn nominert til Rivertonprisen
Agnes Ravatn er nominert til Rivertonprisen for romanen «Dei sju dørene».
Det skriv Samlaget i ei pressemelding.
Boka kom ut i september 2019. Den fekk svært gode anmeldelsar og låg på bestseljarlista i fleire veker.
«Dei sju dørene» er ein urovekkande roman om mørke løyndommar og farleg nysgjerrigheit, ifølgje pressemeldinga.
Den handlar om litteraturprofessor Nina Wisløff som er i ei brytingstid. Arbeidet hennar kjennest mindre og mindre relevant, og huset hennar skal snart rivast.
Mannen er travel helsebyråd, og forholdet til den kyniske legedottera er ikkje det beste.
Då leigebuaren deira, Mari, forsvinn sporlaust, går det ikkje lang tid før politiets etterforsking stansar opp.
I det stille begynner Nina å nøste opp i kva som kan ha skjedd, og det ho finn, får store ringverknader.
Ravatn er frå Ølen, men er busett i Valevåg.