kultur

Ingvild Polden og Asgeir Andersen sel juletre og ulike kortreiste matprodukt frå Sunnhordland samstundes som dei viser fram det store restaureringsprosjektet sitt: Fraktebåten «Nyborg».
Ingvild Polden og Asgeir Andersen sel juletre og ulike kortreiste matprodukt frå Sunnhordland samstundes som dei viser fram det store restaureringsprosjektet sitt: Fraktebåten «Nyborg».

50 besøkte juletrebåten i Valevåg

Rundt 50 personar besøkte juletrebåten «Nyborg» i Valevåg fredag. Det blei selt 15-20 juletre, fortel skipper Asgeir Andersen.

Publisert Sist oppdatert

Han legg til at julebrusen frå Stord, som er sett i produksjon igjen etter ei 70-80 år gammal oppskrift, var svært populær.

Sambuarparet Ingvild Polden og Asgeir Andersen frå Dåfjorden på Stord er på rundreise med veteranskipet «Nyborg». I tillegg til å visa fram båten, sel dei juletre frå Bjoa, julebrus frå Stord og andre kortreiste produkt frå Sunnhordland. Valevåg var første stopp på turen. Der låg «Nyborg» til kai fredag. Ein av dei som medverka til at salsturnéen starta her, var utan tvil valestrendingen Jarle Møllerhaug. Både han og Asgeir Andersen er engasjerte på deltid som mannskap på gamle «Sunnhordland».

– Eg er maskinsjef av yrke, men har dei siste fem åra arbeidd som inspektør i Knutsen
OAS Shipping. Der har eg ein kollega som heiter Kjetil Sørli. Far til Kjetil driv med juletreproduksjon på Bjoa. Det er bakgrunnen for at me i år har valt å ta opp igjen den gamle tradisjonen med juletresal frå båt, forklarar Andersen. Denne måten å selja juletre på, var vanleg før i tida. Kjetil Sørli var med som mannskap under besøket i Valevåg.

I første omgang har dei tatt om bord hundre juletre, men dei kan få tilkjørt meir om det trengst, forklarar maskinsjefen som også har kvalifisert seg til å vera skipsførar på «Nyborg». På stadene dei besøkjer, serverer dei også mat i eit partytelt på luka. Og dei har sikra seg skjenkeløyve i alle kommunane dei besøkjer.

Gammal draum

Paret frå Dåfjorden kjøpte «Nyborg», eller «Vågsfjell» som ho heitte den gongen, i 2017.

Bakgrunnen er enkel.

– Eg er oppvaksen med gamle båtar i Dåfjorden og visste tidleg at eg skulle til sjøs. Frå eg var tolv år, var eg med på sandfraktebåt i alle feriar og arbeidsveker. Eg fekk hjarte for desse fraktebåtane, som etter kvart har forsvunne ein etter ein. Mange rutebåtar er verna, dei er det større interesse for. Men eg visste at eg måtte ta vare på ein av dei gamle slitarane frå fraktefarten ein gong, forklarar Asgeir. Og legg til at han har delt denne draumen med Ingvild.

Under namnet «Nyborg» tilhøyrde båten Einarsen-familien på Karmøy frå 1946 til 1997, først som snurpar, seinare som fraktebåt. Andersen hugsar båten frå si tid i sandfarten, og seier ho i dag er den siste igjen av sitt slag, ein stor 50-tals fraktebåt med bom og grabb. Hovudmotoren er ein Alpha diesel frå 1950, og mykje av innreiinga er også uendra frå den tida.

Treng åtte millionar

Saman med ein veneforeining med rundt 30 medlemmer er sambuarparet godt i gang med restaurering av «Nyborg». I år har dei fått tilskott på ein million kroner, som skal brukast til utskifting av stålplater i skroget. Den jobben skal gjerast når båten skal slippast tidleg på nyåret.

Å søkja om støtte og dokumentera at pengane er brukte på rett måte er ein heiltidsjobb i seg sjølv. Me har fått litt frå Riksantikvaren, Kulturminnefondet, UNI-stiftelsen og liknande, forklarar Andersen.

Han kalkulerer med at dei treng åtte millionar til saman. Innan ti år håpar han båten igjen er i klasse og godkjent for bruk i kommersiell drift. «Nyborg» blir knapt eit overskotsføretak å leva av, men målet er å verna gjennom bruk og segla inn så mykje pengar at dei har til drift og vedlikehaldsutgifter.

Inntekt frå juletresal er eit lite bidrag i denne samanhengen, men Ingvild og Asgeir ser også verdien av å visa båten fram og skapa interesse for prosjektet på dei stadene som får besøk i denne førjulstida.

Powered by Labrador CMS