kultur
105-åring med røter i Sveio portrettert i ny bok
Alle er mykje meir enn berre det ein ser. Den nyleg utkomne boka «Hundreåringar i Vestland», bekreftar nettopp det.
– Hundreåringar fortel om krig og kjærleik, lengsel, sorg og glede. Livsrøynsle kan du berre få ved å leva. Dei som har levd dei siste hundre åra på Vestlandet har mykje å fortelja, seier bokutgivar Arne Årseth.
Etter nesten to års arbeid er boka hans endeleg klar. Boka som var hans eigen idé, er produsert utan noko form for økonomisk stønad, og er trykt i 1 500 eksemplar.
Årseth har reist rundt i Hordaland og Sogn og Fjordane, det som no er nye Vestland fylke, og intervjua og fotografert 75 personar som alle er over 100 år. Boka er ein dokumentasjon på folk over hundre år ved fylkessamanslåinga, altså idet Sogn og Fjordane og Hordaland blei Vestland.
Sterke livshistorier
– Eg ønskjer å syna kor vakre og interessante eldre menneske er. Dessutan er det mange sterke livshistorier i boka, fortel Årseth, busett i Alversund i Nordhordland.
Ein av dei han vil trekkja fram er den pensjonerte sjøkapteinen Nils Severin Økland på 105 år. Økland er fødd og oppvaksen i Sveio, men har budd i Bergen etter at han stifta familie. I dag er han Bergens eldste mann.
Hundre prosent ekte
– Nils Severin Økland blei fotografert søndag 8. mars i år, og var den siste eg fekk tatt bilete av før eg måtte ta ein pause grunna koronapandemien, fortel Årseth som går god for at alle bileta er hundre prosent ekte.
– Personane er fotograferte med naturleg belysning, og utan den minste retusjering. Ikkje så mykje som eit einaste hårstrå er retusjert, dette gjer prosjektet enda meir dokumentarisk, og det set større krav til meg som fotograf, utdjupar Årseth.
Til dagleg driv han Studio Nordhordland, har vore profesjonell fotograf på heiltid i 35 år, og har i tillegg gitt ut ni bøker, i hovudsak om lokalhistorie.
Farsdagspresangen
Den offisielle bokpresentasjonen skulle etter planen ha vore på Bergen offentlege bibliotek 5. november, men blei avlyst på grunn av den spesielle situasjonen med korona.
Dotter til Nils Severin, Bjørg Elin Økland, fekk likevel sikra seg eit par signerte bøker, ei av dei skulle far hennar få i farsdagspresang.
– Det er interessant å lesa historiene til dei som har levd eit langt liv og vakse opp i eit svært forskjellig samfunn frå slik det er i dag. Her finst både alvor og humor og ord til ettertanke. Eg vil absolutt anbefala denne boka, seier Økland.