9. april 4

frå papirarkivet

Uvanleg last i fiskeskøyta mai 1945

Saka var på trykk i Haustvind 2015.

Publisert Sist oppdatert

Bileta var i den tynnaste av albuma i farmor si bokhylle. Omtrent midt i albumet var det seks bilete som eigentleg ikkje passa inn.

Den slitte svarte boka med pappomslag var eit kikkhol inn i fortida. Grandtantene med dult i nakken var fnisande ungdommar, store løer og uthus som ikkje fanst lenger gjorde at landskapet såg framand ut. Farfar var ein hengslete tenåring, småsøskena hans stivpynta på 17. mai – og foreldra hans syntes me alltid såg alt for gamle ut til å ha så små ungar.

På ein nedisa kvalbåt i Antarktis poserte oldefar for ein fotograf. Og så var det sjøhuset som alle snakka om. Det som klappa saman som eit korthus den dagen det kom ein skytebas til gards som feilberekna dynamittladinga.

Alle desse ansikta, følgd av farmor sine historiar om alt som var og om alle som ikkje var lenger. Små bitar av lange og korte liv.

Midt inni dette familiealbumet dukkar det opp seks foto frå 1945. Farfar si fiskeskøyte var i eit anna oppdrag denne maidagen, nokon hadde fotografert det som skjedde. Bestefar stod på styrehustaket, slik me hadde sett så mange gonger før. Men opp frå lasterommet kom det unge damer med fine kåper, skinnhanskar og pene frisyrar. Dei såg ut som om dei høyrde heime i ein film, ikke i eit lasterom som lukta fisk.

Der var også mange menn i ull-uniformar, farmor fortalte dei var modige motstandsmenn frå heimefronten. Mens han i skinnfrakk var ein nazist. Ein annan i fotsid frakk likte ikkje å bli tatt bilde av. Det var lett å sjå.

– Dei der er nok norske jenter som har hatt tyske kjærastar. Dei blei snauklipte, forklarte bestemor oss ungane. Utan at ho gjekk nærmare inn på dette. Likevel var det ingen tvil om at dei hadde stått på feil side i krigen.

I år markerer landet at det er 70 år sidan frigjeringsdagen 8. mai. Mange var involverte i krigen, og ei lita brikke i det heile var Jacob J. Jacobsen (oppå styrehuset) frå Auklandshamn. Fiskeskøyta hans med det optimistiske namnet Fremtid hadde oppdrag ein av dei første dagane etter slutten på krigen i 1945. Kva framtid hadde eigentleg dei unge kvinnene og mennene som blei førte til Espeland fangeleir?

Farmor var alltid stoltav det farfar hadde vore med på, det var jo hans skøyte dei hadde brukt den dagen nazistane blei arrestert. Eg var 9 år då ho foreslo at eg burde fortelja klassen min om arrestasjonane neste gong me skulle ha om 2. verdskrig. Sjølv om det hadde vore fred i ein mannsalder, og vel så det, var det lagt opp til at me skulle delta med kvar våre skrytehistoriar. Og det gjorde me.

Men det eg lurte mest på var kva som skjedde medfolka på bileta, spesielt dei damene som fekk barbert vekk alt håret sitt.

Kven var dei? Kva skjedde vidare? Kva hadde dei gjort? Blei dei sette i fengsel, eller noko endå verre?

Tore Lande Moeved Sunnhordland Museum kjenner til delar av historia. Truleg er bileta frå ein av dei første dagane rett etter frigjeringa, kanskje allereie 8. eller 9. mai.

Han kan fortelja at det var fotograf Frits Nygård som foreviga hendinga på Klingenbergkaien på Rommetveit på Stord denne maidagen i 1945. Fotograf Nygård tok mange bilder både av arrestasjonar og feiringar desse dagane.

Kvinnene og mennene som kjem opp av lasterommet på fiskeskøyta «Fremtid» blei arresterte på Tysnes. Dei skal ha vore frå bergensområdet, men hadde innlosjert seg i eit hus på Tysnes. Forskansa seg i eit hus, blir det også sagt. Men då Milorg sine ladde gevær blei retta mot huset skal dei ha overgjeve seg utan noko bråk.

Milorgleiaren Ragnvald Bjørke er på fleire av bileta, Thomas Jansen, også aktiv i Milorggruppa på Stord er der også. Det er berre desse to Lande Moe kjenner igjen på bileta. Arrestantane veit han ikkje kven er, men han veit at dei blei førte vidare frå kaien på Rommetveit til fengselet på Stord, og deretter vidare til Espeland fangeleir utanfor Bergen.

Leiren blei først oppretta av tyskarane som eit alternativ til Ulven Leir, som dei meinte låg for nær sjøen og engelske tokt. I løpet av sommaren 1942 bygde serbiske krigsfangar vegen fram til Espeland. Dei åtte brakkene var prefabrikerte i Tyskland og sommaren 1944 stod dei alle ferdige.

8. mai 1945 blir rollene snudde opp ned. Norske myndigheiter overtar leiren.

«Etter frigjøringen oppsto det umiddelbart et behov for leire til internering av folk som var mistenkt for landssvik, blant annet for å hindre at befolkningen skulle bedrive selvtekt. I løpet av kort tid ble flere hundre lokale NS-folk og frontkjempere arrestert. Fra 9. mai 1945 til 24. okober 1948 satt knappe 400 kvinner og menn i Espeland fangeleir, eller Espeland tvangsarbeidsleir, som den nå skulle bli hetende.»Kjelde:espeland-fangeleir.no

Milorgleiar Ragnvald Bjørke er på fleire av bileta, Thomas Jansen, også aktiv i Milorggruppa på Stord er og å sjå, opplyser Tore Lande Moe i Sunnhordland Museum.

Hit blei dei altså frakta,kvinnene og mennene frå lasterommet på fiskeskøyta frå Auklandshamn, eigd av Jacob J. Jacobsen.

Den første tida var mange av fangane i varetekt mens dei venta på ei rettsak. For fleire blei leiren også ein soningsstad.

Berre eit titals av fangane var kvinner, i hovudsak var dei NS-medlemmer og andre som var etterforska for landssvik, men også tyskerjenter blei sende hit. I oktober blei kvinnene på Espeland plasserte i ei av brakkene i russerleiren, ein uferdig leir som låg nokre hundre meter sør for sjølve fangeleiren. I januar 1946 blei kvinnene overførte til andre leirar, eller slepte fri.

Den mest kjende hendinga frå Espeland fangeleir etter krigen skjedde 3. juli 1947. Då lukkast det fire innsette å flykta med skøyta Solbris – flukten enda i Argentina.

I arkivet til Sorenskrivarenpå Stord skulle det ligga dokumentasjon på arrestasjonane som blei gjort i Sunnhordland. Statsarkivet i Bergen har overtatt alle arkiva, så me enda opp med å be dei om hjelp til å leita fram resten av historia.

Statsarkivar Yngve Nedrebø i Bergen har ein plan. Han vil gå gjennom 1300 bilete for å finna dei me leitar etter.

– Det var rimeleg mykje kaos desse dagane rett etter 8. mai. Eit etablert maktsystem skulle fjernast, eit nytt skulle på beina. Men allereie 10. mai var dei klare til å framstilla folk for fengsling. Alle desse blei fotograferte, forklarer han. Det er her han trur det går an å få napp. Men det vil ta litt tid. Tida fram til deadline på Haustvind var denne gongen ikkje nok, men følg med i Vestavind om du vil vita kva statsarkivaren finn ut.

På nettsidene til Statsarkivet i Bergen ligg det blant anna to dødsdommar og to dommar for landssvik. Willie August Kesting og Nils Peter Bernhard Hjelmberg blei begge dømde til døden. Tiltalen beskriv i detalj korleis dei hadde mishandla og torturert folk som var mistenkte for å vera med i motstandsrørsla. Mange av ofra var frå Sunnhordland.

Kesting og Hjelmberg blei skotne på Sverresborg i Bergen 8. august 1946.

Powered by Labrador CMS