frå papirarkivet

Inga (99) ser fram til 100

Inga Haukaas (f. Grunnaleite) kan sjå tilbake på eit langt og spennande liv. Ho vaks opp i Skjold, men har budd mesteparten av livet sitt på andre sida av Ålfjorden. Først i Kvalvåg, seinare på Haukås, og no i trygdebustad i Sveio sentrum. Foto: Kari Haukås
Inga Haukaas (f. Grunnaleite) kan sjå tilbake på eit langt og spennande liv. Ho vaks opp i Skjold, men har budd mesteparten av livet sitt på andre sida av Ålfjorden. Først i Kvalvåg, seinare på Haukås, og no i trygdebustad i Sveio sentrum.

Sprek 100-åring

Inga Haukaas (Grunnaleite) vart fødd 27. april 1917. 100-årsdagen skal feirast på Solgry ungdoms- og misjonssenter med heile familien til stades.Saka var på trykk i Vestavind 12. april 2017.

Publisert Sist oppdatert

Jubilanten er usikker på detaljane, det har ho overlate til borna, men fest skal det bli, lovar ho.

– Borna stiller opp, det har dei gjort frå første dag. «Guten» blir 83, seks dagar før eg blir 100, og jentene er ikkje nett ungdomar dei heller lengre. Ho eldste har fylt 86, og yngstejenta blir 85 den syttande mai, ler Inga. Då ho gifta seg med enkjemannen Osmund Haukaas fekk ho ikkje berre ein ektemann, men også ein stor familie.

Inga Grunnaleite og Osmund Haukaas hos fotografen i 1951, to år før dei gifta seg.

Eg blei godt motteken frå første dag, og sjølv om eg ikkje sjølv blei mor, blei eg både farmor og mormor. I dag har eg 9 barnebarn, 15 oldebarn, og 7 tipp, strålar Inga.

Lagar sin eigen middag

Ho vaks opp på garden Grunnaleite i Haraldseidvågen i Skjold, som eldst i ein søskenflokk på 10. Foreldra var Lisa og Sjur Grunnaleite. Berre to av søskna lever i dag, men ingen er så friske som Inga.

– Det er over all forventning, smiler jubilanten som er ei svært oppegåande dame med lyst sinn og godt humør.

Når Vestavind kjem på besøk denne føremiddagen er det klesvask på gong i Løkjavegen, der  Inga flytta til i 1999. Då hadde ho vore enke i mange år. Med litt hjelp av heimehjelpa annakvar veke, held ho leilegheita fin og ryddig. På eige kjøken lagar ho seg mat, og er sjølv på butikken kvar veke for å handla. Einaste rullatoren, – den er ho avhengig av etter at ho brekte lårbeinet for ein del år sidan. Frå glaset sitt har ho utsikt mot kyrkja og Sveio sentrum. Eit gamalt familiefotografi pyntar opp på stoveveggen og minner henne om gamle dagar: Inga midt mellom foreldra sine, med alle søskena samla rundt.

Mykje å sjå tilbake på

Inga har hatt eit innhaldsrikt liv. Eller som ho sjølv uttrykker det; «eg har opplevd litt av kvart».

– Eg hugsar så vidt dei første skorne mine, det var tresko. Og for at dei ikkje skulle detta av meg var det bora små hol på kvar side og sett nokre snorer i. På denne tida blei det grove ei veite utanfor huset vårt, med det formål å fjerna ein stor stein, og då hugsar eg dei løfta meg frå døra, over veita, og ut.

Skulen låg i Haraldseid, stova var lita og låg tett attmed vegen.

– Då eg byrja var me to klassar, dei som var eldre enn meg gjekk i Alendal, i Stordalen. Me gjekk på skulen annakvar dag og delte skulen med Flatnes. Det var den same læraren på Flatnes i to veker. Då hadde me fri. Læraren heitte Sevrin Hove, det var den første posten hans. Eg hadde han gjennom heile skuletida.

I 1917, same året som Inga blei fødd blei det bestemt at bokstaven «Å» skulle erstattast av «Aa» i norsk rettskriving. Inga fortel ho likte å skriva, lesa, og syngja, men var ikkje så glad i å teikna. Kristendomskunnskap og forklaring var viktige fag.

Og alt det salmevers me lærte utanåt, mange av desse songtekstane hugsar eg den dag i dag. Inga blir ivrig. Ho har hatt ei god songstemma, og lærte tonane kjapt. Det var alltid «tostemd» framføring på juletrefestane.

Dame med nikkers

Første bilen ho såg det var i Skjoldavik på nasjonaldagen i 1922. Bilen var høg med kalesje som kunne leggjast ned bak, minnast Inga, men minst like oppsiktsvekkjande var det å sjå ei dame som gjekk i langbukse, eller rettare sagt denne dama gjekk i nikkers. Sjølv blei Inga aldri heilt komfortabel med å gå i bukser.

Jordmora

Alle kom til verda heime i gamlestova. Eller som borna trudde; levert av jordmora medan dei sov sin søte nattesøvn. Men kva dersom ungen ville ut på dagtid?

– Første og einaste gongen det skjedde var eg 11 år, det var søndag og eg var så frustrert at eg grein. Mor sa at eg skulle ta småsøskena med meg ut, men eg forstod ingenting. Det var ingen som snakka om fødslar den gongen. Jordmora heitte Frøvik og budde i Austreimsbygda, det var eit godt stykke vekke.

– Då mor fødde tvillingar var jordmora var ennå ikkje komen. Eg var ikkje fylt 14 år, og stod med lampa ved enden av senga til mor og lyste. Inga ler ein trillande latter når ho tenkjer tilbake. Alle som var konfirmerte blei rekna for å vera vaksne. Frå Inga var 16 år var ho butikkjenta og bondetaus.

Frå gamalt av var Haraldseidvågen ein viktig handelsplass med skipstrafikk. I mellomkrigsåra var det krabbekokeri med mange tilsette. Hermetikkfabrikk med produksjon av gaffelbitar var også vore ei viktig næring her.

– Knutsen Preserving laga svært gode gaffelbitar. Det var eg med på. Eg var i krabben om hausten og dreiv med sild resten av året, og så var eg krambujenta.

Bryllaup

I 1942, litt før fylte 25 år, flytta Inga til Kvalvåg for å stella for morfaren sin som var blitt sjuk. Det var ein sjølvsagt ting.

– Ikkje har eg lidd noko vondt av det, og ikkje har eg trega på det, seier Inga.

Då bestefaren døydde byrja ho i sylære. Dei neste fem åra dreiv ho systove på Våga, men så greip lagnaden inn. Han som skulle bli Inga sin store kjærleik budde på Haukås, heitte Osmund, og var enkemann med tre born. Han trong hjelp i huset og Inga kom inn i familien då eldstejenta var 20 år, og klar til å gifta seg. To år seinare, den 15. august 1953, var det ho sjølv som stod brur.

Viinga fann stad på prestekontoret i Skjold, av sokneprest Eigil Lehmann. Etterpå var det heim til ei enkel markering hos Inga sine foreldre, som også stilte som forlovarar.

– Me hadde ikkje noko oppstyr, det var slik me ville ha det, minnest Inga.

Osmund starta Haukås mekaniske verksted. Anlegget bestod av ein garasje, ei utandørs smøregrav og tre drivstoffpumper. Men då helsa svikta selde dei til Osmund Kinn i 1962. Inga sin ektemann døydde i 1972.

Hekle-glede

Ho har sydd, hekla og strikka heile livet. 14 sengeteppe har det blitt, attåt alt det andre.

– Hekling har vore min store hobby, smiler Inga Haukaas. Nye ting blir stadig trylla fram, anten det er til slekta, eller bidrag til basarar og julemesser. Men no er det slutt. I iallfall tenkte ho slik heilt til nokon her ein dagen stakk til henne ein haug med heklegarn. Lett og ledig reiser Inga seg for å finna fram posen med garn. Då me frå sjå innhaldet kommenterer den humørfylte dama: – No har eg heklegarn for resten av livet!

– Kva er oppskrifta på å bli så gamal?

– Det må vera å halda på med eitkvart arbeid!

Powered by Labrador CMS